Vacancy

Surnadal kommune

Vernepleiar i Bu- og aktivitetstenesta

Brannvesen

Vi har ledige faste stillingar for vernepleiarar. Aller helst i heile stillingar, men deltid kan vere mogleg dersom det er eit ønske.

Er du ferd med å avslutte utdanninga, er du sjølvsagt velkomen som søkar.

Vi ønskjer også kontakt med vernepleiestudentar som kan tenke seg deltidsjobb på helg og i som feriearbeid.

Arbeidsoppgåver:

  • Miljøarbeid og praktisk bistand etter gjeldande retningslinjer
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldande lovverk
  • Kollegaveiledning og bidrag til fagleg utvikling i eininga
  • Legemiddelhandtering
  • Samarbeid med pårørande og verger
  • Tverrfagleg samarbeid med andre instansar, som skule, ppt, barenvern, habilitering m.v
  • Administrative oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon, fortrinnsvis som vernepleiar, men sjukepleiarar er også velkomne som søkarar
  • Erfaring med og interesse for brukargruppa
  • God digital kompetanse
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Kunne arbeide planmessig og systematisk og ha god gjennomføringsevne

Personalege eigenskapar og fortrinn vi legg vekt på:

  • Ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig
  • Sett brukaren sine ønske og behov i fokus
  • Gode omsorgs- og samarbeidsevner
  • Vere oppteken av å søke nye løysingar og ny kunnskap

Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Du må ha førarkort kl.B.

Vi tilbyr:

- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

- flyttegodtgjerlse i hht reglane i personalplanen