• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4658767
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 08.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Vernepleiar i 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ambulerande tenester i Alver kommune er i vekst og vi søkjer ein engasjert vernepleiar i 100% fast turnusstilling, med arbeid kvar 4.helg i langvakter 

Om Ambulerande tenester

Ambulerande tenester gjev tenester i heimen til tenestemottakarane, med hovudvekt på vernepleiarfagleg arbeid i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, autismespekterlidingar og ulike tilleggsutfordringar. Fokuset vårt er meir på den einskilde personen og hjelpebehov/ynskjer, enn på diagnosar. Målet er å gje gode og tilpassa tenester til kvar og ein. Ambisjonane er å bli best på tenesteyting til målgruppa. Hjås oss er det eit tverrfagleg miljø.

Ambulerande tenester har kontor på Frekhaug, og gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga er ny etter kommunesamanslåinga i 2020, og er i stadig utvikling og vekst. Det er kort reiseveg frå Åsane og berre 2 minutters køyring frå Nordhordlandsbrua. Det er gode kollektivforbindelsar samt at bussen stoppar like ved.

Arbeidsoppgåver

  • Primærkontaktansvar
  • Yte gode og faglege tenester til den einskilde
  • Utarbeide mål, planer og tiltak og følgje opp disse
  • Legemiddelhandtering
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Sikre at dokumentasjon er i tråd med gjeldande retningslinjer
  • Bidra til et fagleg miljø

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjend vernepleiar
  • Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne
  • Førarkort klasse B

Kven søkjer vi?

Du er engasjert og trygg i utøvelsen av faget ditt
Du har respekt for tenestemottakarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
Du har god relasjonskompetanse
Du er systematisk og evner å prioritere ulike arbeidsoppgåver parallelt med å arbeide sjølvstendig
Du er god på å sjå moglegheitar og løysningar
Du er er systematisk
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Du har gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • 50 000 i rekrutteringstillegg mot binding i 2 år
  • Hovudvekt av langvakter i turnus
  • Rom og tid for faglig arbeid
  • Ein variert og spennande arbeidskvardag kor du får nytte vernepleiaren i deg!
  • Fagleg og personleg utvikling
  • God opplæring
  • Ein ny og spennande avdeling som stadig er i vekst
  • Eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø, med kollegaer som tar deg godt i mot
  • Mogleg turnus med fleire langvakter
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariffavtale

Politiattest

I tråd med helse og- omsorgstenestelova § 5-4 vert det stillt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4658767
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 08.06.2022