Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
18.06.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5186913Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vernepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Leikanger sjukeheim har ledig 80% fast stilling som vernepleiar i todelt turnus.
For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.
Leikanger sjukeheim vart ny i 2004 og har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til sjukeheim ligg både heimetenesta, legekontor og fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon. Leikanger sjukeheim har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat. Sjukeheimen ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden og nærleik til Leikanger sentrum.
Me søkjer deg som er vernepleiar, som brenn for eldreomsorga, og for å gi bebuarane våre ein meiningsfull og trygg kvardag. Som vernepleiar på Leikanger sjukeheim får du moglegheitene til å komme tett på bebuarane, jobbe for å sjå deira individuelle behov og legge til rette for at dei får gode og meiningsfulle dagar.
Arbeidsoppgåver:
· Heilskapleg pleie og omsorg av eldre i institusjon
· Rettleiar for studentar/lærlingar og andre
· Legge til rette for miljøtiltak
· Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
· Medansvarleg for eit godt læringsmiljø
· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
Sentrale ansvarsområde:
· Pasientflyt
· Pasientjournalsystem
· Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
· Medikamenthandtering
· Legevisittar
· Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
· Bachelor i vernepleie med norsk autorisasjon
· Beherske norsk skrifteleg og munnleg
· Ynskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, psykiatri eller geriatri.
Personlege eigenskapar:
· Løysingsfokusert
· Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
· Ha evne og interesse for eldreomsorg
· Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Me tilbyr:
· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
· Godt fagleg miljø
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
18.06.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5186913Se her for andre jobber fra Sogndal kommune