Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
25.09.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4063999Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 08.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Vernepleiar i langvaktsturnus - 2x 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 2 faste stillingar som vernepleiar i langvakter, 12,5 timars vakter. Arbeid kvar 4. helg, og regelmessige lengre friperiodar.
Eksterne søkjarar kan signere avtale om bindingstid i 2 år mot eit eingongstillegg på kr. 50.000,- ved tiltrede.
Om Habiliteringstenester i Alver kommune
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Om Bjørkhaugen bufellesskap
Bjørkhaugen bufellesskap i Knarvik, er bustaden til 6 personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, somatiske utfordringar, aldring og epilepsi. Målet er å skape tryggleik, gi tenester av høg fagleg og etisk kvalitet, og gi personane gode opplevingar.
Bjørkhaugen skal gradvis vidareutviklast til å vere ein god heim for personar med omfattande behov for omsorg og pleie, og vi satsar difor på kompetanseheving i form av opplæring, vidareutdanning og nyrekruttering. Til dette treng me fleire dyktige, engasjerte og innovative vernepleiarar. Ambisjonane er å vere blant dei beste på tenester til personar i målgruppa.
Arbeidsoppgåver
Vernepleiarar ved Bjørkhaugen bufellesskap skal delta i tenesteytinga, og vere drivarar for kvalitetsutvikling og kontinuerleg forbetring av tenestene. Dei har ansvar for oppfølging av helsetenester og miljøtiltak, samt godt samarbeid med pårørande/verje. Ei sentral oppgåve vil vere utvikling/oppdatering av mål, planar og tiltak, og opplæring og rettleiing av kollegaer.
Kompetansekrav
Offentleg godkjent vernepleiar. Sjukepleiarar med erfaring frå brukargruppa vil også verte vurdert.
- Vidareutdanning i vegleiing, eller vilje til å ta vidareutdanning
- Erfaring med systematisk og målretta vernepleiefagleg arbeid
- Førarkort klasse B
Ønskt kompetanse
- Gode datakunnskaper
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne
- God fysisk og psykisk helse
- Engasjement for faget og brukargruppa
- Evne til empati og til å sjå den einskilde brukar
- Evne til å prioritere i ein travel kvardag
- Gode samarbeidsevner
- Ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø
Me ynskjer deg som er engasjert, fleksibel og har erfaring frå brukargruppa. Du er ikkje redd for å by på deg sjølv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Du har eit ønskje om å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr
Avsett tid i turnus til fagleg arbeid
God pensjonsordning
Personleg og fagleg utvikling
Godt arbeidsmiljø
Politiattest
I tråd med helse og- omsorgstenestelova § 5-4 vert det stillt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
25.09.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4063999Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 08.09.2021