Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
10.06.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Vaksdal kommune
Vestland
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
2875748Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 05.05.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Vernepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er frå snarast ledig 100 % fast stilling som vernepleier i bueining for funksjonshemma, Elvevegen. Stillinga er for tida i ordinær turnus med langvakter kvar 4.helg.
Bueining for funksjonshemma er lokalisert i Elvevegen, ca 1 km frå Dale sentrum.
Vårt mål er å gje tenestemottakarane moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære, både individuelt og i fellesskap med andre.
Personalgruppa i Elvevegen er samansatt av vernepleiarar, førskulelærarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, aktivitørar, helsesekretær, pleiemedarbeidarar og assistentar. Me vil no styrke tenesta vår ytterligare med ein ny vernepleiar.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar, herunder ansvar for utarbeiding/oppfølging av IP og miljøpermar
- Faglege utfordringer innan tradisjonelt miljøarbeid, psykiatri og somatikk
- Sikre at tenestemottakar får naudsynt hjelp og kvalitativt gode tenester i samsvar med gjeldande lovverk, vedtak og retningslinjer
- Kontakt/møter med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Vernepleiarfaglege oppgåver som medikamenthandtering
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar
- Miljøarbeid med bebuarane, praktiske gjeremål i bustad
- Andre delegerte oppgåver frå leiar
Krav til kompetanse
- Me søkjer primært etter offentleg godkjent vernepleiar.
- Er du sjukepleiar og kan vise til erfaring frå liknande arbeid kan søknaden din bli vurdert.
- Kjennskap til HOT kap 9.
- Det er krav om godkjent politiattest ved tilsetjing.
- Førarkort klasse B er eit krav
- Det er også ein fordel med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming
Personlige egenskaper
- Open, lojal og påliteleg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fagleg engasjement
- Løysingsorientert, strukturert og tydeleg
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til etisk refleksjon
Me ynskjer ein fagleg sterk, fleksibel og engasjert person som også evnar å arbeide sjølvstendig og å stå i ulike daglege utfordringar. Gode kommunikasjonsferdigheiter er sjølvsagt.
Personlege eigenskapar vert vektlagt, med særskilt fokus på gode samarbeidsevner, samt evne til å ta ansvar i ein travel kvardag.
Me tilbyr
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- God pensjons- og forsikringsordningar
- Spanande og meiningsfylte oppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med rause kollegaer
- Rom for faglege og etiske refleksjonar
- Kurs i samspelmetoden Dialog
- Relevant kompetanseheving i form av jamleg internundervisning
Slik søkjer du Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar. Treng du hjelp, kan du venda deg til kundetorget tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 462 99 734
Søknadsfrist:
Snarast mogleg
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
10.06.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Vaksdal kommune
Vestland
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
2875748Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 05.05.2020