• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    13.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4972665
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Vernepleiar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Me har no ledig stilling som vernepleiar i Røsvikdalen bufellesskap. Det er 100% fast tilsetjing med arbeid kvar 4.helg med langvakter 12,5 timer laursdag/sundag og langvakter i vekedager på 14 timar. 

Om Røsvikdalen bufellesskap 

Røsvikdalen bufellesskap har 6 leiligheiter og fellesareal med stove og kjøkken, og er heimen til 6 aktive personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har heildøgnsbemanning med kvilande nattevakter. Arbeidsmiljøet er prega av løysningsorienterte tenesteytarar, med eit sterkt engasjement for tenestemottakarane. Røsvikdalen bufellesskap ligg nær Knarvik senter, med gode kollektive mogelegheita til både Bergen og ellers i Alver kommune.  

Arbeidsoppgåver

  • Råd og rettleiing til tenestemottakar
  • Dokumentera naudsynt informasjon i Profil 
  • Planleggje og tilretteleggje for gode, individuelle tenester etter den einskilde sitt vedtak og behov 
  • Følgje dei prosedyrar som føreligg for å sikra lik praksis 
  • Arbeida med kartlegging samt utarbeide prosedyrer og tiltak i Profil 
  • Primærkontaktansvar
  • Utføre pasientrekneskap 
  • Rettleie kollegaer i det faglege arbeidet 
  • Nytta natursti og fjellområder ilag med bebuarane

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjend vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  

Ønskt kompetanse

  • Det er eit føremon om du har erfaring frå arbeid med utviklingshemma 
  • Kunnskap og ferdigheiter med miljøarbeid knytt til direkte brukarretta arbeid 
  • Kjennskap til kap. 9  

Personlege eigenskapar

Kven er du? 

  • Du er ein lagspelar og kan gjere andre gode
  • Du bidrar til positiv arbeidskultur og godt arbeidsmiljø
  • Du har eit positivt menneskesyn og godt humør
  • Du arbeidar for gode tenester i tråd med vedtak og lovverk
  • Du bidrar til sjølvbestemmelse og brukarmedverknad for tenestemottakeren

Personleg eignaheit vert vektlagt 

Vi tilbyr

  • Eit arbeidsmiljø prega av samhald, godt humør og eit sterkt engasjement for tenestemottakarene.
  • 9000 over tariff i årsløn
  • Varierte, spennande og utfordrande arbeidsoppgåver kor du får brukt vernepleiarkompetansen.
  • God opplæring og rettleiing. 
  • Løn etter tariffavtale 
  • God pensjonsordning
  • Årsturnus

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    13.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4972665
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune