• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    02.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4875148
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 15.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Vernepleiar - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ambulerande tenester i Alver kommune er i vekst og vi søkjer to engasjerte vernepleiar i 100% fast turnusstilling, med arbeid kvar 4.helg i langvakter Ein kan velje å binde seg i 2 år mot eit tillegg (eingongssum) på kr. 50 000,-

Om Ambulerande tenester

Ambulerande tenester gjev tenester i heimen til tenestemottakarane, med hovudvekt på vernepleiarfagleg arbeid i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, autismespekterlidingar og ulike tilleggsutfordringar. Fokuset vårt er meir på den einskilde personen og hjelpebehov/ynskjer, enn på diagnosar. Målet er å gje gode og tilpassa tenester til kvar og ein. Ambisjonane er å bli best på tenesteyting til målgruppa. Hjås oss er det eit tverrfagleg miljø. 

Ambulerande tenester har kontor på Frekhaug, og gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga er ny etter kommunesamanslåinga i 2020, og er i stadig utvikling og vekst. Det er kort reiseveg frå Åsane og berre 2 minutters køyring frå Nordhordlandsbrua. Det er gode kollektivforbindelsar samt at bussen stoppar like ved. 

Arbeidsoppgåver

  • Primærkontaktansvar

  • Yte gode og faglege tenester til den einskilde
  • Utarbeide mål, planer og tiltak og følgje opp disse
  • Legemiddelhandtering
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Sikre at dokumentasjon er i tråd med gjeldande retningslinjer
  • Bidra til et fagleg miljø

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjend vernepleiar vil bli prioritert. Andre med relevant 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning samt relevant erfaring kan også søkje

  • Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne
  • Førarkort klasse B

Ønskt kompetanse

Vi ynskjer ein vernepleiar:

  • Som er engasjert og trygg i utøvelsen av faget sitt

  • Som har respekt for tenestemottakarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
  • Som har god relasjonskompetanse
  • Som er god på etisk refleksjon
  • Som er god på å sjå moglegheitar og løysningar
  • Som er systematisk
  • Som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Som har gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter tariffavtale
  • 9000kr over grunnløn
  • 50 000 i rekrutteringstilskot mot binding i 2 år
  • Ein variert og spennande arbeidskvardag kor du får nytte vernepleiaren i deg!
  • Fagleg utvikling
  • Ein ny og spennande avdeling som stadig er i vekst
  • God opplæring
  • Eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø, med kollegaer som tar deg godt i mot!
  • Mogleg turnus med fleire langvakter
  • Gode pensjonsordningar

Politiattest

I tråd med helse og- omsorgstenestelova § 5-4 vert det stillt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.  

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    02.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4875148
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 15.11.2022