Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stavanger Kommune

Verksemdleiar og rektor oppvekstsentre

Vi har frå hausten ledig stilling som verksemdleiar og rektor for oppvekstsentra på Fogn, Ombo og Sjernarøy.

I stavangerskulen leier vi saman, og vi trur på eit leiarteam som kollektivt løyser oppgåvene som team, og ein rektor som set retning til skulen og speler på lag med andre. Vi har derfor saman utvikla eit rammeverk for leiingspraksis i stavangerskulen. Som skuleeigar sikrar vi at du som rektor har eit godt lag rundt deg.

Stavanger kommune har tre oppvekstsentre som er plassert på tre vakre øyar i Ryfylke; Fogn, Sjernarøy og Ombo. På oppvekstsentra held skule, SFO og barnehage til i same bygg og rektor er leiar for alle. Du får ein leiarjobb der du deltar i opplæringsløpet frå barnehage til grunnskule. Vi kan tilby arbeidsplass i naturskjønne omgjevnadar, tett samarbeid med lokalmiljøet og ei verksemd med god omstillingsevne og engasjerte tilsette. No gjer vi barnehagetilbod til 42 born og grunnskuleopplæring til 75 elevar. Elevane er organisert i fådelte klassar. Vi har omlag 30 tilsette.

Som verksemdleiar og rektor legg du strategiske føringar for framtida og vidareutviklar oppvekstsentra slik at borna er godt rusta til å delta i framtidssamfunnet. Du er ein rektor som sprer glede og og bidreg til psykologisk tryggleik i arbeidsmiljøet, og vidareutviklar det profesjonsfaglege fellesskapet der alle tilsette reflekterar over felles verdiar og vurderer og vidareutviklar praksisen sin. Du leiar ei verksemd der borna opplever eit inkluderande og trygt læringsmiljø, der du i samarbeid med assisterande rektorer/avdelingsleiarar, tilsette og føresatte byggjer eit godt lag rundt borna.

Rektor har for tida kontorstad på Fogn. Rutetilbodet er godt, noko som gjer det mogleg å  starte dagen med ein fin båttur fra Stavanger og/eller med ferge frå Judaberg.

Du må rekna med reisetid for å vere til stades på alle tre arbeidsplassane. 

Kvalifikasjoner:

Du har godkjent lærarutdanning og solid praksis frå skule.
Du har relevant leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing. Skuleleiarutdanning vil vera ein fordel, men anna leiarutdanning kan også vere aktuelt.
For søkjarar med godkjend lærarutdanning og solid skuleleiarerfaring, kan vi vurdera å sjå bort frå kravet om leiarutdanning.
I og med at oppvekstsentra er både barnehage, SFO og skule, er også barnehagefagleg kompetanse viktig. 
God kjennskap til regelverket i skule og barnehage (opplæringslova og barnehagelova).
Nynorsk er hovudmålet vårt og blir brukt i all kommunikasjon.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter deg som: 

  • Har ein raus leiarstil, er tilstade og ser kvart enkelt born og tilsett som ein ressurs. Du er oppteken av fagleg kvalitet, og utviklinga og læringa til borna. 
  • Er ein pådrivar i det pedagogiske utviklingsarbeidet.
  • Er ein trygg og modig leiar som ønskjer å vere synleg i kvardagen.
  • Har gode relasjonelle egenskaper, og inkluderar dei tilsette, borna og føresette gjennom opne utviklings- og avgjerdsprosessar.
  • Er lyttande, tydeleg, fleksibel, resultatorientert og har god gjennomføringsevne.
  • Er god på delegering av ansvar, dette då rektor ikke har moglegheit til å vere til stades på kvart av oppvekstsentra til kvar ein tid. 

Vi tilbyr:

Som verksemdleiar og rektor på oppvekstsentra får du ei allsidig og utfordrande leiarstilling i eit kompetent fagmiljø.
Stavanger kommune har eit godt støtteapparat for nye leiarar som inneber faste kontaktpersonar i eit eige oppfølgingsteam for skule og barnehage, og dessutan opplæringsplan i dei styringssystema som Stavanger kommune brukar.
Du vil få ein fadder frå rektorgruppa. 
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kollektivordninga hjemjobbhjem.
Stillingskode 995102 rektor og lønn etter avtale.