Company
Fjord1 ASAApplication deadline
28.10.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6905, FLORØ
KINN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6419047Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Verdas beste sveler? Vi ynskjer ein entusiastisk sal- og kampanjeansvarleg med oss på reisa!
Ferger
Vil du bli Fjord1 sin nye sal- og kampanjeansvarleg for Ferdamat?
Ferdamat er kiosk og serveringskonseptet til Fjord1, og skal sikre våre kundar viktig påfyll på reisa gjennom 70 betjente og sjølvbetjente serveringsstadar. Og fleire skal det verte!
Er du klar for ei rolle der du får vere med å forme og drifte våre kioskar med eit breitt utval av mat og drikke til reisande om bord på ei av landets mest kjende ferjeflåter? Fjord1 søkjer no ein engasjert og framtidsretta sal- og kampanjeansvarleg!
I eit team med tre andre kollegaer får du ansvar for di eiga portefølgje med fartøy. Kontorstad vil vere ved eit av våre kontor i Florø eller Molde, avhengig av kvar du bur, og denne stillinga gjer deg stor grad av fridom og sjølvstende i kvardagen. Som sal- og kampanjeansvarleg trivast du både på kontoret og ute på vegen der det skjer.
Med Fjord1 i ryggen vil du få påverke og utvikle ei spanande og variert portefølje av serveringsstadar ombord i fartøya – med mål om å skape gode kundeopplevingar og styrke salet vårt om bord.
Vil du vere med å få fleire ut av bilen – og inn i salongen?
Kvalifikasjoner:
- Erfaren og kan vise gode resultat frå sal og salsleiing innafor relevant bransje
- Utdanna innan økonomi, varehandel eller anna relevant fagfelt.
- Interessert i stillinga og har relevant yrkeserfaring som kan kompensere for manglande utdanning.
- Kompetent innan matfag, eksempelvis kokk.
- Fortruleg med bruken av dataverktøy og programvare for salsanalysar og rapportering
- God i munnleg og skriftlege norsk og engelsk
- Glad i å vere på farten og har sertifikat klasse B
Personlige egenskaper:
- Er open og ærleg
- Har evne til å være kreativ, strukturert og effektiv
- Likar å arbeide i team, kan leie og motivere kollega, i tillegg til at du er sjølvstendig og målretta
- Er fleksibel og trivast med å ta arbeidsoppgåver på sparket
- Er empatisk og flink til å omgåast andre menneskjer
- Har eit vinnande vesen og entusiasme for arbeidet
- Ansvarsbevisst, løysingsorientert og innehar gode samhandlingsevner
Vi tilbyr:
- Ei viktig rolle eit av landets leiande fergeselskap
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ein viktig del av Fjord1 si drift
- Stor fridom og fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med god kultur for samarbeid
- Utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg, i ein stor og trygg organisasjon
- Marknadens beste ordningar for forsikring og pensjon?
- Tilgang til leiligheiter og hytter som ein del av velferdsordninga, for å nemne noko!
- Og ja – vi seier det gjerne igjen: Verdas beste sveler! I fjor selde vi over 460 000 – og vi satsar på enda fleire i år.
I Fjord1 kombinerer vi kvalitet, lønsemd og miljøtenking – og vi trur på at vi lukkast best når vi jobbar saman og bygger kvarandre gode. Vil du vere med å løfte kundeopplevinga og salet om bord våre fartøy? Bli med oss på reisa!
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
28.10.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6905, FLORØ
KINN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6419047Look here for other jobs from Fjord1 ASA
-
Skipsmotormekanikar/matros på sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t MF Mastrafjord
Fjord1 ASA
BOKN -
Skipsførar på reservefartøy i Vestland, tidligare Hordaland
Fjord1 ASA
HORDVIK -
Maskinsjef - ansvar for reservefartøy.
Fjord1 ASA
HORDVIK -
Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord
Fjord1 ASA
STRANDA -
Maskinsjef reservefartøy Arsvågen-Mortavika, pt. MF Bergensfjord
Fjord1 ASA
BOKN