• Bedrift
    Skatteetaten
  • Søknadsfrist
    15.10.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6403955
  • Se her for andre jobber fra Skatteetaten
Ledig stilling

Skatteetaten

Ver dei første til å møta dei som treng vår hjelp

Direktorater og tilsynsorgan

Er du god på kundebehandling, og synes at brukarane bør få løyst problema sine ved første kontakt?

Vår førstelinje er sjølve hjarta i Skatteetaten, og vi skal nå styrke den med to faste rettleiarar på Leikanger. Fagområde vil vera Skatt person. Vi ser etter engasjerte og serviceinnstilte personar som ønsker å skapa gode brukaropplevingar, og som er komfortable med å sjonglera mellom ulike fagsystemer i arbeidskvardagen.  

Vårt mål er at brukaren skal få hjelp til å løysa sine problem første gang dei tar kontakt med oss, slik at dei kan handle rett. Difor er denne jobben ekstremt viktig for oss! Det å kommunisera tydeleg og forståeleg, og at du er eit servicemenneske, er heilt grunnleggjande for å lykkast i denne jobben.                                                                         

Høyres dette spennande ut, søk då vel! 

Kvalifikasjoner:

Du må ha

  • fullført bachelorgrad innan relevant fagområde. Internasjonale grader må være godkjent av NOKUT / HK-direktoratet. Spesielt relevant rettleiingserfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.
  • god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode digitale ferdigheiter, særlig system- og navigeringskompetanse er viktig i denne jobben

I tillegg vil det vera ein stor fordel om du har erfaring frå relevant rettleiingsarbeid innafor komplekse tenester og/eller regelverk.

Personlige egenskaper:

For å trivast og lykkast hjå oss er det viktig at du har personlege eigenskapar som:

  • Serviceinnstilt:  likar å jobba med menneske og yte god service ved å ha brukaren sitt behov i sentrum
  • Lærevillig: Du kan sette deg inn i nye og kompliserte regelverk
  • Problemløyser: Du er fleksibel i arbeidskvardagen og hjelper til der det trengs
  • God kommunikator: Du evner å rettleia tydeleg og enkelt slik at brukar forstår
  • Pågangsmot: Du tilpassar og omstiller deg raskt i forhold til brukaren sine behov i ein hektisk kvardag, sjølv om ting kan vera litt uforutsigbart
  • Relasjonsbygger: Du er omgjengeleg og inkluderande i møte med brukar og kollegar

Vi tilbyr:

Høyrest det givande ut å jobbe med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivst hos oss! Vi kan frista med moglegheit til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkande organisasjon som har stor tillit i befolkninga.

Du får også medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg og med moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår.                  Les meir om dette på spk.no.

Då får høve til å bruka fleksitid, betalt overtid, sommartid, samt moglegheit til å trena litt i tilknyting til arbeidstida.

I tillegg vil det vere mogleg å veksla mellom å jobbe heimafrå og møtast på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier                at det let seg gjera.

Du blir tilsett som førstekonsulent eller rådgjevar, med ei årslønn mellom 550 000 og 650 000 kr, avhengig av kvalifikasjonane dine. Dei første seks månedene er prøvetid. 

Vi ber om at vitnemål og attester lastes opp som vedlegg til søknad.


Verdt å merke seg når du søker

Søknadsbrev brukar vi ikkje: For oss er det meir nyttig at du leverer ein beskrivande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer at dette er ein god match - og svarer på eit par spørsmål. Få med korleis du har jobba med rettleiing tidlegare.

Omvendt referansesjekk: Vi vil du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får ringe ein av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne bedre ut om vi er ein god match

Likeverd, likestilling og mangfold: Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfold er ein del av kulturen vår og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kaller alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Offentleg søkjarlista: Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å verta unntatt denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.

Bakgrunnssjekk: Vert gjennomført av aktuelle kandidater, der ein verifiserer utdanning, arbeidserfaring, samt ID-sjekk.

 

 

  • Bedrift
    Skatteetaten
  • Søknadsfrist
    15.10.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6403955
  • Se her for andre jobber fra Skatteetaten