Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6499382Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Vegingeniør 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ta del i arbeidet med å forvalte og utvikle det kommunale vegnettet som bind Øygarden kommune saman? Vi søkjer ny vegingeniør for Øygarden kommune. Vi leiter etter deg som kan forvalte tenesteområdet, bidra til utvikling, nytenking og saman med dei tilsette utvikle avdelinga vidare.
Om eininga:Det kommunale vegnettet består av 220 km veg, gang- og sykkelveg, fortau, kaiar og bruer. Vegforvaltning har ansvar for kommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Dette inneber varierte oppgåver knytt til handsaming av dispensasjonar frå byggjegrenser, avkøyrsler, graveløyve og skilt- og oppmerkingsplanar. Innspel til reguleringsplanar for å sikre gode kommunale vegar er ei viktig oppgåve. Avdelinga utfører også driftsoppgåver som grøfting, feiing, kantslått med meir. Vintervedlikehald vert primært utført av underleverandørar. Større prosjekt vert utført av kommunen si utbyggjingsavdeling, like fullt i tett samarbeid med vegforvaltning. Kommunen sine transporttenester ligg også til vegforvaltning, men er eit eige ansvarsområde.
Vegforvatning inngår saman med 4 andre einingar (Eigedomsutvikling, Utbygging, Byggforvaltning og Reinhald) som rapporterer til eigedomssjef. Vegforvalting består i dag av leiar, 3 forvaltarar, 4 på drift og budsjett på omlag 30 MNOK.
Arbeidsoppgåver:- Planlegging, samarbeid og oppfølging i samband med trafikksikringsplan og trafikksikringsprosjekt
- Rehabilitering av kommunale vegar
- Publikumskontakt og oppfølgjing
- Kartforretningar: Oppfølgjing i samband med nabovarsel, godkjenning av avkøyrsler, dispensasjonar frå føresegner om byggegrenser med meir
- Forvaltningsarbeid i samband med skilting
- Forvaltnings- og kontrollarbeid i samband med overtaking av anlegg i regulerte område
- Teljingar og fartsregistreringar i vedlikehalds- og trafikksikringsprosjekt
- Administrasjonsarbeid ved sikring og opprustning/større reperasjonar av kommunale kaiar
- Bachelorutdanning eller teknisk fagskule innan relevant fagområde. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Førerkort - minimum klasse B
- God IKT-kompetanse
- Ønskjeleg med erfaring frå sakshandsamingssystem
- Ønskjeleg med erfaring frå mindre vegprosjekt
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Fordel med vegfagleg kompetanse
- Initiativtakar
- Serviceinnstilt og gode samarbeidsevner
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig
- Stor arbeidskapasitet
- God kommunikasjons- og framstillingsevne
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Lennart Falkenberg-Arell, einingsleiar, tlf 47 49 38 16
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6499382Se her for andre jobber fra Øygarden kommune