Company
NorturaApplication deadline
25.05.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Næringsmidler - En grosEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Førde
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6609272Look here for other jobs from Nortura
Nortura
Vedlikehaldsplanleggjar / teknisk koordinator
Næringsmidler - En gros
Nortura Førde ønskjer å styrkje teknisk avdeling med ein vedlikehaldsplanleggjar. Stillinga har ansvar for planlegging, prioritering og koordinering av vedlikehaldsarbeidet, og vil vere nestkommanderande til teknisk leiar. Rolla er sentral for stabil drift, god ressursbruk og vidare utvikling av teknisk avdeling.
Om teknisk avdeling
Teknisk avdeling er eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan automasjon, mekanikk, elektro, kjøling, røyr og vedlikehald. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av bygg og infrastruktur, og arbeider systematisk med kontinuerleg forbetring, HMS og føreseieleg drift.
Kvardagen byr på varierte oppgåver knytt til planlegging, koordinering og oppfølging av vedlikehald og tekniske aktivitetar. Stillinga har ei sentral rolle i samspel mellom teknisk avdeling og produksjon. Fabrikken er positive til kurs og vidareutdanning som styrkar avdelinga sitt samla kompetansebehov.-
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og prioritering av vedlikehald og tekniske aktivitetar
- Utarbeiding og oppfølging av vekeplanar for teknikarane
- Oppfølging av førebyggjande vedlikehald og vedlikehaldssystem
- Koordinering av forbetringsarbeid og tekniske prosjekt
- Tett samarbeid med produksjon og teknisk leiar
Vi ser etter deg som har
- Teknisk utdanning og relevant erfaring frå industri eller teknisk drift
- God systemforståing og evne til å planleggje og prioritere
- Erfaring med digitale verktøy og vedlikehaldssystem
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Strukturert arbeidsform og gode samarbeidsevner
Vi kan tilby
- Ei sentral rolle i ei viktig og framtidsretta verksemd
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
- Kantine og treningsrom
Den som blir tilsett må gjennomføre konsernet sitt HMS- og hygieneopplæringskurs.
Company
NorturaApplication deadline
25.05.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Næringsmidler - En grosEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Førde
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6609272Look here for other jobs from Nortura