Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Innlandet fylkeskommune

Valdres vidaregåande skule - Elevassistentar

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

 Valdres vidaregåande skule har ledig inntil 300 % stilling som elevassistent frå 12. august 2024, inntil 200 % fast og 100 % årsvikariat. 

Vi søkjer deg som

  • er omsorgsfull
  • er trygg sosialt og fagleg
  • er engasjert og fleksibel
  • jobbar strukturert og systematisk
  • ser elevens behov
  • har gode samarbeidsevner
  • liker å arbeide med ungdom
  • er ein god rollemodell
  • er kreativ og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver
  • godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale arbeidsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • arbeidsåret følgjer skuleruta og medfører lønnstrekk pga skuleferiar
  • inntil 200 % fast og 100 % vikariat t.o.m. 31.07.2025
  • ledig frå 12. august 2024 

Arbeidsoppgåver

  • bistå elevar med nedsett funksjonsevne
  • bistå elevar i klasserom, i mindre grupper og på verkstad
  • legge til rette for læring og utvikling
  • samarbeid med lærarar, elevtenesta m.fl.

Ønskte kvalifikasjoner

  • fagbrev innan barne-og ungdomsarbeidarfag eller anna relevant utdanning og arbeidserfaring
  • relevante fagbrev eller kompetanse innan bygg- og anleggsfag eller teknologi- og industrifag kan vere relevant
  • erfaring frå arbeid i skule og/ eller med ungdom er ein fordel
  • erfaring frå miljøterapeutisk arbeid kan vere ein fordel
  • erfaring/interesse for ulike former for håndverk, trearbeid og lignende
  • relevant arbeidserfaring vil i gitte tilfelle kunne kompensere for manglande formell utdanning
  • menn blir oppfordra til å søke

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.