• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4230443
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 20.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Vaksinekoordinator ved Ål helsestasjon

Offentlig forvaltning

Kan du tenke deg nye utfordringar for ein periode?

Det er ledig 40 % stilling som vaksinekoordinator, med tilsetting så raskt som råd og fram til 30.06.2022.

Stillingen som vaksinekoordinator er lagt til Ål helsestasjon, som held til i Familiens hus. Pr. i dag blir vaksinering gjennomført på onsdagar, hovudsakleg på dagtid, men kveldstid kan også vere aktuelt.


Arbeidsoppgåver:

  • vere oppdatert på planar og rettleiingar ved covid-19 vaksineringa
  • bestille vaksinedosar og planlegge for gjennomføring av vaksinering
  • vere den som kallar inn til vaksinetimar
  • svare på spørsmål om vaksinering
  • ansvar for opplæring og oppfølging av vaksineteam
  • delta i vaksinasjon ved behov
  • andre aktuelle oppgåver ved helsestasjonen


Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • kunnskap om og erfaring frå vaksinearbeid
  • erfaring fra arbeid med logistikk og organisering
  • gode IKT kunnskaper


Personlege eigenskapar:

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Det er ynskjeleg at du:

  • er fleksibel
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonskunnskapar
  • er fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver
  • har god formidlingsevne


Me tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø
  • varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • pensjonsordning i KLP
  • hjelp til å skaffe bustad


Lønsvilkår

Løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.


Politiattest

Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.


Søknad

Det skal sendast elektronisk søknad. Velg "Send søknad" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt til e-postadressa som du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unntatt offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4230443
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 20.11.2021