• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    06.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5024744
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 21.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Våken nattevakt 67% fast, Vågaleitet omsorgsbustad

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Våken nattevakt 67% fast, Vågaleitet omsorgsbustad

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk.

 

Om avdelinga:

Vågaleitet omsorgsteam yt tenester til mennesker med nedsatt funksjonsevne med ulike hjelpebehov som bur i eigne leiligheter.  Vi er ei flott og tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiar, barnevernspedagog, helsefagarbeidarar og assistentar. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidet er primært knytt opp mot ein brukar med hyppig tilsyn og oppfølging
  • Handtering av akutte hendingar som kan oppstå på natt
  • Arbeid knytt til Helse og omsorgstenestelova kap 9

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Fagbrev innan helsefag
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg egna
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid

 

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Kan jobbe sjølvstendig og er løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevnar
  • Strukturert
  • Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Anna:

  • Turnus har 10 timers vaktar og arbeid kvar 3 helg
  • Periodar med inntil 4 vaktar på rad

 

Kontakt:

Vivian Kvinge, avdelingsleiar, 55 09 68 99/41415521

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    06.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5024744
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 21.02.2023