Ledig stilling

Askvoll kommune

VA-Ingeniør teknisk drift - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon


Hovudarbeidsområdet vert sakshandsaming knytt til avlaup (enkeltutslepp mm), oppfølging av kommunale avgifter innanfor sjølvkostområde (vatn, avlaup).

Stillinga vil og bli tillagt andre arbeidsoppgåver og sakshandsaming innanfor teknisk drift sitt ansvarsområde (avlaup, vegar, vatn, kaier, grøntområde).

  • Sakshandsaming og arbeid innanfor avlaup men og andre oppgåver innanfor teknisk drift sitt ansvarsområde.
  • Tilsyn avlaupsanlegg.
  • Ajourføring av abonnentsregister for kommunale avgifter.
  • Fakturahandsaming innanfor teknisk drift.
  • Samarbeidsevne og erfaring knytt til kundehandsaming.

Kommunen brukar ACOS (sakshandsamarsystem), VISMA (økonomisystem), GIS-line (kartprogram) mm. Naudsyn opplæring vil bli gjeven.

 

Krav til kvalifikasjonar:

  • Ingeniørutdanning eller anna relevant fagbakgrunn.
  • Kunnskap om forureiningslova, veglova, drikkevassforskrifta og offentleg forvaltning.
  • Krav til førarkort klasse B.
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg.

 

Personlege eigenskapar:

  • Kunne møte publikum på ein god måte.
  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.

 

Vi kan tilby:

  • Lønn etter avtale.
  • Fleksitidordning.
  • Offentleg pensjonsordning i KLP.
  • Hjelp til å skaffe bustad 

 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

 


Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.