Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
19.06.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4649742Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
VA ingeniør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune treng ingeniørar med bakgrunn innan VA-fag til 100% stilling ved vår eining Teknisk drift, avdeling VA.
Avdeling VA har ansvaret for utvikling, drift og vedlikehald av kommunen sine vatn- og avløpsanlegg i heile Sogndal kommune, samt bistand til kommunen sin plan- og byggesaksavdeling i deira arbeidsoppgåver knytt mot VA. Arbeidet omfattar både langtidsplanlegging og hurtige driftsutfordringar som krev ein dynamisk person, men òg god variasjon og høve til å utfordre seg sjølv i ein organisasjon med god takhøgd.
Me ser etter nokon med interesse og vilje for å utvikle og forme ein organisasjon for ein nyoppretta kommune.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfylging av VA-prosjekt i samarbeid med vår prosjektavdeling.
- Mindre prosjekteringsarbeid i samband med driftsprosjekt.
- Fagkyndig innan VA i reguleringsarbeid.
- Sakshandsaming opp mot innbyggarar.
Kvalifikasjonar
- Bachelor innan tekniske fag, fortrinnsvis innan bygg og anlegg
- 1 års erfaring innanfor arbeidsfeltet, fortrinnsvis VA drift.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
- Initiativtakande.
- Samarbeidsvillig.
- Kreativ.
- Fleksibel.
Me tilbyr:
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Godt og variert arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid i ein ung organisasjon.
- Gode pensjonsordningar.
- Løn etter avtale.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
19.06.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4649742Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.06.2022