• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5743351
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Utrykkningsleiar fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden brann og redning (ØBR) er ei eining i kommunalsjefområde Organisasjon og samfunnssikkerheit. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. I tillegg er det brannstasjonar på Dalsneset og i Skogsskiftet. Brann- og redningstenesta har om lag 65 heil‐ og deltidstilsette. Meir info: www.oybr.no. ØBR er med i det langsiktige brann‐ og redningssamarbeid Vest brann‐ og redningsregion.

Om beredskapsavdelinga

Beredskapsstyrken vår er fordelt på tre stasjonar (Dalsneset, Skogsskiftet og Ågotnes) med ulik grad av vaktordning. Administrasjonen held til på Ågotnes. I tillegg har vi ein samarbeidsavtale med Equinor, der fire tilsette frå ØBR inngår i ein dagkasernert styrke med lokasjon på Kollsnes prosessanlegg. 

Det er om lag 60 heil‐ og deltidstilsette medarbeidarar ved avdelinga.

Kvinner vert særleg oppmoda til å søkje.

Hovudarbeidsoppgåver
  • Hovudoppgåva er å utøve operativ leiing ved trafikkulukker, slokketenester og elles ta del i andre akutte hendingar som ØBR blir kalt ut til. Utrykkingsleiaren skal og ta del i vedlikehald av brann- og redningsmateriell.
  • stillinga er tillagt plikt for vakt i gjeldande vaktturnus.
Kvalifikasjonskrav
  • Kompetanse etter: Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralene (brann- og redningsvesenforskriften) § 41 (Utrykkingsleiar deltid).
  • Førarkort kl. C. Dersom du ikkje har kl. C må dette takast for eigen rekning innan 6 månader etter tilsetting. 
  • Tilfredsstille helsekrav til å kunne køyre utrykking (kode 160). Om ein ikkje allereie har kode 160, kan kurs for dette gjennomførast etter tilsetting.
  • Både bustad og arbeidsstad innan 5 minutt oppmøtetid frå brannstasjonen.
  • Tilfredsstille helsekrav for røykdykking.
  • Alle typar vaktteneste må kunne utførast etter behov.
  • Må bestå fysisk test for røykdykkar.
  • Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest etter brann og eksplosjons-vernloven § 18 med tilfredsstillande vandel.
  • Ha løyve frå hovudarbeidsgjevar til å ha deltidsstilling med utrykkingsplikt i brann- og redningstenesta
  • Ikkje ha andre forpliktande vaktordningar/turnus som kan komme i konflikt med  teneste for brann og redning
Ønskjelege kvalifikasjonar
  • Kode 160 , båtførarbevis , førarkort kl. BE
Personlege eigenskapar

•       Vilje og evne til å engasjere seg i eigen opplæring/eigenstudier i faget.

•       Ha god forståing med mennesker og menneskers reaksjoner under stress og i uvanlege situasjonar.

•       Kunne arbeide med fast rolle og rolleforståing i team, i tillegg til å kunne ta sjølvstendige val i pressa situasjonar.

Anna

Stillinga som er ledig er 1 fast stilling på Dalsneset brannstasjon.  Stillinga er deltid med stillingsstørrelse 4,2 % til 6,6 % avhengig av funksjonskrav.

Kontakt

Spørsmål om stillinga kan rettast til seksjonsleiar beredskap, deltidsstyrke,  Jarl Martin Hestad, e-post jarl.hestad@oygarden.kommune.no

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel, og bustads‐ eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar, dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5743351
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune