Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
02.02.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6022602Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Utekontakt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me er på jakt etter deg som likar å vera saman med ungdom, får lett kontakt med ungdom og er oppteken av deira plass i lokalsamfunnet.
Utekontakten er ei oppsøkjande teneste retta mot ungdom i alderen 13-20 år. Tenesta er særleg merksam på ungdom som står i fare for å falla utanfor fellesskapen. Utekontakten har god oversikt over utvikling og trendar i ungdomsmiljøet. Tenesta har ansvar for drift av den uformelle treffstaden Ungdomsbasen i sentrum av Norheimsund. Oppsøkjande arbeid står sentralt i utekontakten sitt arbeid med ungdom. Arbeidet er retta mot stader der ungdom møtes og ferdast, på skular, "ute i bygdene" og via sosiale media. Utekontakten arrangerer aktivitetar for barn og unge i skulen sine feriar.
Oppvekstplanen sitt hovudmål er å fremja gode og trygge oppvekstvilkår som legg til rette for deltaking, inkludering og mestring. Barn og unge har medverka til innhaldet i planen. Hausten 2024 har ungdom i kommunen jobba med kva som bør prioriterast framover, og kome fram til følgjande - psykisk helse, skuletrivsel og medverknad.
Kvam vart kåra til årets ungdomskommune i 2023, og skal vera vertskap for årets konferanse.
Utekontakten, saman med helse- og hjelpetenester, skular og frivillig sektor, har medansvar å fremja eit trygt og godt oppvekstmiljø for alle barn i kommunen, og er del av kommunen sitt tverrfaglege samarbeidssystem. Utekontakten er organisert i Oppveksteininga, i kommunen sitt Familiesenter saman med familieterapeutar og psykolog. I 2025 skal kommunen jobba med oppgåvefordeling og organisering av ressursar innan fritidsfeltet og det førebyggjande arbeidet, som vil inkludera utekontakten.
Arbeidsoppgåver
- Oppsøkjande sosialt ungdomsarbeid
- Oppfølging, støttesamtalar med ungdom og føresette
- Drift av ungdomsbasen
- Arbeid med ungdom i grupper
- Kurs og foredrag retta mot ungdom, foreldre og samarbeidspartar
- Rusførebyggjande arbeid
- Ung Fritid sitt ferietilbod
- Deltaking i kommunen sine tverrfaglege satsingar, plan- og prosjektarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent 3-åring bachelorgrad frå høgskule/universitet, fortrinnsvis sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar.
- Relevant vidareutdanning innan helse- og sosialfag, td rus og psykisk helse er ei føremon
- Erfaring frå ungdomsarbeid, med vekt på oppsøkjande arbeid og relasjonsbygging
- Ønskjeleg med kunnskap/erfaring innan rus- og psykisk helsearbeid, aktivisering og konflikthandtering
- God kjennskap til sosiale media og nettbruk hos barn og unge
- Fleirkulturell forståing og erfaringar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du må ha sertifikat og bør kunna disponera eigen bil
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.
Ein må rekna med noko kveldsarbeid, og nokre helgedagar i løpet av året.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Har lyst å arbeida med og trivst saman med barn og unge
- Gode evne til å skapa kontakt og halda kontakt med ungdom - relasjonsbygging, omsorg og varme.
- Kreativ, initiativrik, tydeleg og strukturert.
- Kan stå i endringsarbeid, er fleksibel og taklar variasjon i arbeidskvardagen
- Kan jobba sjølvstendig og i team.
- Gode evne til kommunikasjon og samarbeid med andre faggrupper og tenester
Vi tilbyr
- Spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- Veiledning, kurs og konferansar
- Personalpolititikk som legg tilrette for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter gjeldande tariff
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
02.02.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6022602Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
-
Helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Administrav medarbeidar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Sjukepleiar Kvam heimeteneste
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Sjukepleiar Natt-tenesta
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Barne- og ungdomsarbeidar Sjydnahaugen barnehage
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND