Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
09.02.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
3karriere-kode
6022499Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Natt -tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. I gruppa vår arbeider me fleksibelt og samarbeider på tvers av ulike tenester. Me søkjer no etter fagarbeidar til:
- 3 faste stillingar ledige frå snarast
- 80 % stillingsstorleik og med turnusarbeid
- Dei ledige stillingane er i hovudsak knytt til avlastingstilbodet til barn med nedsett funksjonsevne. Endring i oppmøtestad og oppgåver må påreknast
Me søkjer motiverte fagarbeidarar som har erfaring, kunnskap og har interesse for å gje tenester til barn med nedsett funksjonsevne
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av kvar enkelt brukar sitt behov for hjelp og omsorg
- Legemiddelhandtering
- Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Du må ha førarkort kl B
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
- Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
- Interesse og ønske om å jobba med personar med utviklingshemming og innan autismespekteret
- Du er fleksibel og engasjert og likar tverrfagleg samarbeid
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som :
- Likar ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har god tålmodigheit
- Møter andre med respekt og openheit
- Har lyst å utvikla deg fagleg
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
- Tverrfagleg samarbeid
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
09.02.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
3karriere-kode
6022499Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund