• Company
    Austevoll kommune
  • Application deadline
    20.08.2021
  • Form of employment
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3966218
  • Look here for other jobs from Austevoll kommune
  • Updated 06.07.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Austevoll kommune

UngdomsLos

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde. 

Austevoll kommune har ledig stilling som UngdomsLos, 3-årig prosjektstilling

Er du ein som kan utgjera ein forskjell for unge som vegrar seg for å gå på skulen?

Austevoll kommune har motteke tilskott frå Bufdir og startar hausten 2021 ein treårig prosjektperiode med sikte på å redusera fråfall i skulen. UngdomsLos skal vera eit tilgjengeleg og fleksibelt tilbod til elevar som står utafor, eller står i fare for å hamna utafor skule og opplæring. Målet er å styrka skuletilknytning, auka skulenærværet, trivsel og meistring.

Stillinga er 100%, engasjement, og vert organisert under fagområdet PPT.

Du kan finna informasjon om LOS-funksjonen ved å gå inn på bufdir.no

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av unge og familiar
  • Nært samarbeid med skule
  • Råd og rettleiing til aktuelle samarbeidspartar
  • Bidra ved gjennomføring av ulike gruppetilbod

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning på bachelornivå innan pedagogikk, helse-/sosialfagleg eller tilsvarande
  • Vidareutdanning innan familiearbeid, psykisk helse eller tilsvarande
  • Erfaring frå ungdoms- og familiearbeid
  • God kjennskap til skuleverket og dei ulike kommunale tenestene
  • Ha førarkort og disponera bil
  • Bruka fleksitidsordninga til det beste for dei unge og familiane ved å tilpassa arbeidstid mellom kl 07.30 – 18.00

Personlege eigenskapar:

  • Du er tydeleg og kommuniserer godt og respektfullt med dei unge og familiane deira
  • Du samarbeider godt med unge og likar å vera saman med dei
  • Du er dyktig til å koordinera og leggja til rette for samhandling på tvers av tenestene
  • Du er trygg på møteleiing, fagleg trygg og sjølvstendig
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du har godt humør og pågongsmot

Det vil bli lagt stor vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit fagmiljø i utvikling
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Company
    Austevoll kommune
  • Application deadline
    20.08.2021
  • Form of employment
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3966218
  • Look here for other jobs from Austevoll kommune
  • Updated 06.07.2021