• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4680342
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Ungdomskoordinator 100 % vikariat - ungdom, fritid og medverknad

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Avdeling for ungdom, fritid og medverknad

Vi er ein del av tenesteområdet kultur i Alver Kommune. Kommunen vår har nærmare 30 000 innbyggjarar og eit svært rikt kultur- og organisasjonsliv, med spanande utviklingshøve og -behov. Teamet i avdelinga vår er samansett av ein avdelingsleiar, tre ungdomskoordinatorar og tilsette ved fem ungdomsklubbar. Avdelinga arbeidar med forebyggande tiltak for ungdom, med ungdomsråd, UKM og aktivitetar for born og ungdom i skuleferiar. Vi planlegg og gjennomfører store arrangement, kurs og aktivitetar for ungdom. Vi samarbeidar med andre som arbeider for og med ungdom, og medverking av ungdom er sentralt.

Kort om stillinga

Det er ledig 100 % vikariat som ungdomskoordinator i tida 01.09.22 - 31.08.23.  

Vi søkjer deg som er fleksibel, kreativ, nytenkande og serviceinnstilt, med stort engasjement og hjarte for ungdom og ungdomsarbeid. Du er tydeleg på fagleg kompetanse, samarbeid med andre partar, prosjektarbeid og utvikling. Du likar at det skjer mykje, og er god på organisere eigne oppgåver, har stor gjennomføringskraft og portefølje i ein travel arbeidskvardag. Som ungdomskoordinator arbeidar ein tett saman med ungdom, ungdomsklubbar og andre som arbeider for og med ungdom.

Arbeidsoppgåver

  • Sentrale oppgåver for stillinga vil vere
  • Ansvar for kulturaktivitetar av, for og med ungdom.
  • Sette i gang tiltak for ungdom i skuleferiar
  • Arrangere store arrangement for ungdom
  • Kontakt og samarbeid med organisasjonsliv og andre kommunale tenester
  • Samarbeid med ungdomstilbod i andre kommunar
  • Arrangere UKM- ung Kultur møtast
  • Samarbeide tett saman med klubbarbeidarane
  • Marknadsføring og sosiale media
  • Søke midlar
  • Prosjektarbeid og administrative oppgåver
  • MOT i ungdomsskulen

 Kvelds- og helgearbeid må påreknast, også i skuleferiar.

 

Vi ser etter deg som

  • Har høgskulekompetanse innanfor det aktuelle fagfeltet.
  • er oppdatert innan IKT-feltet og SOME, og kan orientere deg raskt i ny programvare og webportalløysingar. Du har kunnskap og erfaring med normal programvare, mellom anna Office.
  • har erfaring med prosjektarbeid, grunnleggjande økonomistyring i prosjekt, og tilskotsordningar.
  • erfaring med å arrangere store arrangement
  • er ein tydeleg vaksenperson, du er unikt opptatt av ungdom og å vere ein miljøskapar. Du er omgjengeleg, kreativ, løysingsorientert, strukturert, raus og romsleg, samtidig som du kan setje grenser.
  • har høg samarbeids- og gjennomføringsevne, og vere god på kommunikasjon.
  • trivst med å jobbe sjølvstendig, men er òg glad i å jobbe tett med andre i team
  • Du kjenner ungdomskulturen og har erfaring frå frivillig og/eller utøvande kultur-, ungdoms- eller idrettsarbeid

Krav om førarkort klasse B

Krav om tilfredstillande politiattest.

Vi tilbyr

  • ein utfordrande og spanande jobb.
  • vere med å bygge ein ny ungdomsavdeling.
  • hyggelege, kompetente og engasjerte arbeidskollegar
  • høve til å vere med å utvikle kulturtenesta  i Alver kommune.
  • sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.

 

Slik søkjer du

Søknaden sender du elektronisk, og du går inn via knappen "send søknad". Treng du hjelp, kan du kontakte HR-avdlinga i Alver.

 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4680342
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.06.2022