Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
02.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6205155Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Ungdomsarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Skap aktivitet og tryggleik for ungdom i Sogndal!
Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune jobbar for å skape trygge og inkluderande møteplassar der ungdom kan utfalde seg, utvikle seg, og bygge relasjonar med andre. Me søker no ein engasjert ungdomsarbeidar som brenn for ungdom, kreativitet og kultur til ei 50% fast stilling!
Arbeidsoppgåver
Vere til stades og tilgjengeleg når Ungdomskjellaren i Sogndal kulturhus er ope
Skape eit trygt og inkluderande miljø der alle ungdommar føler seg velkomne
Vere ein trygg og støttande vaksenperson for ungdommane
Følge opp og inngå nye samarbeid med frivillige aktørar
Planlegge og gjennomføre aktivitetar
Arbeid på ettermiddag/kveldstid og nokre skuleferiar må påreknast
Som ungdomsarbeidar vil du få arbeide tett på aktiviteten ungdomsavdelinga, og i Ungdomskjellaren i Sogndal kulturhus. Du vil få bruke kreativiteten din til å finne på og planlegge kjekke aktivitetar for og med ungdommen.
Du er velkomen til å søke enten du har erfaring med ungdomsarbeid, er i eit relevant studieløp eller er ei kreativ sjel som brenn for ungdom!
Kvalifikasjonar
Erfaring med ungdomsarbeid/miljøarbeid er ein fordel
Utdanning innan t.d. sosialt arbeid, lærar/oppvekstfag eller barnevern er ein fordel, men ikkje eit krav
Er interessert i og har erfaring med kunst, kultur og kreativitet
Gode kommunikasjonsevner, og evne til å bygge gode relasjonar med ungdommar
Fleksibel og kan tilpasse seg ulike situasjonar og behov
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Kreativ
Sjølvstendig
Fleksibel og løysingsorientert
Evner å planleggje og styre din eigen arbeidsdag på ein produktiv måte
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Me tilbyr
Ein spennande og meiningsfull jobb med ungdommar
Moglegheit til å vere med å forme ungdomsarbeidet i Sogndal kommune
Ein triveleg arbeidsplass i kreative omgjevnader der du får vere med på å utvikle eit viktig tilbod for ungdom i Sogndal
God opplæring og oppfølging
Løn etter avtale
Sogndal kommune satsar på ungdom!
No styrkjer me det førebyggande ungdomsarbeidet med fleire nye stillingar: utekontakt, ungdomsarbeidar, ungdomslos, fritidskoordinator og prosjektleiar for Rocket-Man.
Stillingane inngår i kommunen si samla satsing på oppvekst og vil samarbeide tett i ulike tverrfaglege team. Målet er å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge i Sogndal.
Du treng berre å sende inn éin søknad. Om du er interessert i fleire av stillingane, ber me deg opplyse om dette i søknaden. Alle søkarar vil kunne bli vurderte til fleire av stillingane, dersom kompetansen og erfaringa tilseier det.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
02.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6205155Se her for andre jobber fra Sogndal kommune