Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
15.09.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5236763Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 29.08.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Undervisningsstillingar ved Vaksdal skule og Stanghelle skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal?
Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar. Me har per no om lag 200% ledig, noko fast og noko vikariat.
I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap med fagfornyinga. Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. Verdigrunnlaget skal løftast fram, og elevane jobbar tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring. Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom inkluderande læringsmiljø, fysisk aktiv læring, PALS og digital læringsleiing, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande profesjonsfellesskap.
Me har behov for timelærarlærarar ved både Stanghelle og Vaksdal skule.
På Vaksdal skule har me behov for timelærar på småtrinnet i 100 % med snarast mogeleg oppstart. Stanghelle har me behov for timelærar 1-7.trinn om lag 80 %.
Arbeidsstad
Stanghelle skule - Rektor Kari Vaksdal Faugstad
Vaksdal skule - Rektor Monika Antun
Krav til kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar 1.-7.kl.)
- God digital kompetanse
- Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må ein ha 30 studiepoeng som er relevant for det aktuelle faget
- Det er ynskjeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som;
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring
- har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- har gode samarbeidsevner
- er god på skule/heim samarbeid
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør og ser verdien av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR: tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no / 95527504
Kontaktperson
Direkte til rektorane eller til:
Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule, mobil: 45376534 jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
15.09.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5236763Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 29.08.2023