Detaljer
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
07.03.2021Sted:
VALDERØYAStillingstype:
HeltidBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
MØRE OG ROMSDALArbeidssted:
VALDERØYALand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3472119Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Undervisningsstillingar frå 01.08.2021
Giske kommune søkjer lærarar til ledige undervisningsstillinger frå 01.08.2021.
Alle skulane har ledige stillingar frå hausten 2021, dette gjeld både faste stillingar og vikariat.
Tal på ledige stillingar kan endre seg undervegs.
Kompetansebehov er:
Begynneropplæring, spesialpedagogikk, grunnleggjande/særskild norskopplæring, teiknspråk, spesialpedagogikk og naturfag
Skulane i Giske kommune :
Giske ungdomsskule:
Frå hausten 2021 skal alle ungdomsskulelevane samlast i nye Giske ungdomsskule. Skulen vert lokalisert på Valderøya med om lag 365 elevar. Det vert 4 klasse på 8. og 10. trinn og 6 klasser på 9.trinn.
Rektor Nina Rødland Rabben, tlf. 473 71 12
Godøy skule er frå oppstart på skuleåret 2021 ein 1-7 skule, lokalisert på Godøya, med 129 elevar og omlag 35 barn i SFO.
Rektor Oddfrid Reinlund, tlf. 480 23 464
Vigra skule er ein 1-7 skule med i underkant av 200 elevar og med ca 60 barn i SFO.
Rektor Karianne Farstad tlf. 417 02 309
Valderøy barneskule er ein 1 - 7 skule med 430 elevar organisert i tre team.
Rektor Terje Austnes, tlf 907 87 060
Giske skule er ein 1-7 skule med i underkant av 85 elevar og med omlag 25 barn i SFO.
Rektor Gry Støbakk Ytterland, tlf. 926 52 950
Alle skulane er fulldigitalisert med nettbrett 1:1
For alle stillingane gjeld:
- Dei fleste stillingane inneber kontaktlæraransvar.
- Det er krav om gyldig politiattest.
- Administrasjons- og undervisningsmålet er nynorsk.
- I tillegg til formell utdanning og praksis blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at du elles er skikka for stillinga.
VIKTIG !
I søknaden må du gi opp informasjon om:
- Kva skule søkjer du til - oppgi eventuell prioritering mellom skulane.
- Kva grunnutdanning har du? (Allmennlærarutdanning 1-7? Allmennlærarutdanning 5-10? Førskuleutdanning m/evu?)
- Kva fag har du - og kor mange vekttal/studiepoeng i kvart fag?
- Kor mange år har du jobba som lærar?
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater