• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    29.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4954045
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 13.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Undervisningsstillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger ungdomsskule har ledig:

  • 1 vikariat i 80 % stilling frå 12.02.2023 - 31.07.2023

Fagønsker: engelsk, tysk, naturfag, valfaget innsats for andre

  • 1 vikariat i 100 % stilling som kontaktlærar frå 10.04.2023 - 31.12.2023

Fagønsker: norsk, krle, samfunnsfag

Samnanger ungdomsskule (SUS) er ein MOT-skule med omlag 90 elevar.

 

Du må skriva i søknaden kva stilling/stillingar du søkjer på

Skulane i Samnanger har som sitt motto ein god stad å vera og ein god stad å læra. Skulane har sterk fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats og kjerneverdiar som inkluderande felleskap og godt samarbeid. Me er skular i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trives på arbeidsplassen sin.  Alle elevane har pc dei nyttar på skulen. AV-tavler i klasseromma gjev store moglegheiter til variasjon i undervisninga.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisa i faga i grunnskulen
  • Planlegga, gjennomføra og evaluera undervisning i tråd med opplæringslova og gjeldande forskrift
  • Bidra til skulen si utvikling

Kvalifikasjonar:

Krav:

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Anna relevant utdanning og erfaring kan verta vurdert
  • Politiattest. jfr. opplæringslova § 10-9
  • God nynorsk framstilling

Ønsker:

  • Gode relasjons- og samarbeidsevner
  • Digital kompetanse og interesse for å utvikla skule digitalt
Personlege eigenskapar:
  •  God relasjonskompetane
  •  Tydeleg og omsorgsfull klasseleiing
  •  Evne til å arbeida systematisk og nøyaktig 
  •  God arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar
  •  Serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
  •  Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulane treng

Me tilbyr:

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    29.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4954045
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 13.01.2023