Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
29.01.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4954045Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 13.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Samnanger kommune
Undervisningsstillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Samnanger ungdomsskule har ledig:
- 1 vikariat i 80 % stilling frå 12.02.2023 - 31.07.2023
Fagønsker: engelsk, tysk, naturfag, valfaget innsats for andre
- 1 vikariat i 100 % stilling som kontaktlærar frå 10.04.2023 - 31.12.2023
Fagønsker: norsk, krle, samfunnsfag
Samnanger ungdomsskule (SUS) er ein MOT-skule med omlag 90 elevar.
Du må skriva i søknaden kva stilling/stillingar du søkjer på
Skulane i Samnanger har som sitt motto ein god stad å vera og ein god stad å læra. Skulane har sterk fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats og kjerneverdiar som inkluderande felleskap og godt samarbeid. Me er skular i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trives på arbeidsplassen sin. Alle elevane har pc dei nyttar på skulen. AV-tavler i klasseromma gjev store moglegheiter til variasjon i undervisninga.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisa i faga i grunnskulen
- Planlegga, gjennomføra og evaluera undervisning i tråd med opplæringslova og gjeldande forskrift
- Bidra til skulen si utvikling
Kvalifikasjonar:
Krav:
-
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Anna relevant utdanning og erfaring kan verta vurdert
-
Politiattest. jfr. opplæringslova § 10-9
-
God nynorsk framstilling
Ønsker:
- Gode relasjons- og samarbeidsevner
- Digital kompetanse og interesse for å utvikla skule digitalt
- God relasjonskompetane
- Tydeleg og omsorgsfull klasseleiing
- Evne til å arbeida systematisk og nøyaktig
- God arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar
- Serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
- Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulane treng
Me tilbyr:
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
- Barnehageplass for tilsette sine born
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
29.01.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4954045Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 13.01.2023