Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
20.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5344168Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 05.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Undervisningsstilling ved Dale skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal?
Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar. Me har per no om lag 50% ledig, noko fast og noko vikariat.
I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap med fagfornyinga.
Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. Verdigrunnlaget skal løftast fram, og elevane jobbar tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring. Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom inkluderande læringsmiljø, fysisk aktiv læring, PALS og digital læringsleiing, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande profesjonsfellesskap.
Me har behov for timelærar ved Dale skule i om lag 80 %, der 50 % er fast stilling. Heile stillinga er knytt til særskilt språkopplæring for språklige minoriteter 1-10 og spesialundervisning på ungdomstrinnet.
Arbeidsstad
Dale skule - Rektor Magnar Helland
Krav til kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse
- God digital kompetanse
- Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; norsk, matematikk og engelsk.
- Det er ynskjeleg med lærarar som har kompetanse eller erfaring innanfor opplæring særskilt språkopplæring og/eller spes.ped.
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som;
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring
- har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- har gode samarbeidsevner
- er god på skule/heim samarbeid
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør og ser verdien av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar. Treng du hjelp, kan du venda deg til innbyggarservice på telefon 56594400
Kontaktperson
Direkte til rektor eller til: Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule, mobil: 45376534 jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
20.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5344168Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 05.09.2023