Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
29.05.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4614970Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 11.05.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Undervisningsstilling innan mat og helse på Dale skule, vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal? I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum.
Arbeidet med å fornye Kunnskapsløftet er i gang. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap mot fornying av læreplanen hausten 2022.
Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing.
Verdigrunnlaget skal løftast fram i læreplanane, og elevane skal mellom anna jobbe tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring.
Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom vurdering for læring, PALS og digitalisering, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande fellesskap. Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar.
Ved Dale skule ynskjer me deg som søkjar til ledig 47% i mat og helse, frå 1. august 2022 – 31. desember 2022, med mogleg forlenging. Stillingsprosenten kan verte auka om søkjaren har relevante fag for skulen.
Stillinga er i hovudsak på 9.trinn, med nokre timar på 6. trinn. Stillinga kan delast opp for å fylle opp stillingsprosenten til tilsette som ynskjer oppauke av si stilling.
Arbeidsstad
- Dale skule - Rektor Magnar Helland - Tlf. 488 80 331
Ynskja til kompetanse
- Undervisningskompetanse i mat og helse
- Søkjarar med relevant kompetanse og erfaring innan mat og helse kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer å tilsetje positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som;
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring
- har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendige, stabile, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
29.05.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4614970Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 11.05.2022