• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2021
  • Sted:
    VESTNES
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3654279
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune

Undervisningsstilling - 200 % fast

Vestnes kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Stillingstype
Tomrefjord skule har ledig fast inntil 200 % undervisningsstilling frå 01.08.2021. Stillingane vil vere knytt til undervisning hovudsakleg på mellomtrinnet og ungdomsskuletrinnet. Det vil vere aktuelt med kontaktlærarfunksjon. Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulen på grunn av endringar i personalsituasjonen. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar
- lærar med erfaring og utdanning innan faga norsk, KRLE, kroppsøving og samfunnsfag på mellomtrinnet. På ungdomsskulen er det ønskeleg med erfaring og utdanning innan norsk og matematikk. Det er ønskeleg med kompetanse i spesialpedagogikk for begge stillingane.
- andre fagområde kan også vere aktuelle.
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning.
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt

Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 
  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2021
  • Sted:
    VESTNES
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3654279
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune