• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    17.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3788529
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 30.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Undervisningsinspektør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga:

Det er ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør frå 01.08.2021

Leikanger barneskule er ein 1 – 6 skule der me i dag har 169 elevar fordelt på 9 klassar. Totalt har me 30 tilsette på skule og SFO.

Leikanger barneskule ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen. Naturen kring skulen er ein ressurs me prøver å nytta både i skuletida og i Bjørnehiet, skulefritidsordninga vår. Me har to skulebygg der det eine vart bygd tidleg på 80- talet medan det andre bygget stod ferdig på 90– talet.

Av viktig arbeid ved skulen vil me nemne; klasseleiing, BTI – betre tverrfagleg innsats, vurdering og stort fokus på IKT. Me arbeider for tida mykje med implementering av den nye læreplanen, overgang frå timeplanar til periodeplanar, samt drøftingar kring val av læremiddel.  

 

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av skulen sitt leiarteam. Oppgåvene til inspektøren er knytt til 1. - 6.steg og SFO, samt skulebygg og uteområde med følgjande arbeidsoppgåver:

  • koordinering av det digitale arbeidet ved skulen
  • koordinering og oppfølging av elevar med behov for tiltak innan spes.ped./sos.ped.
  • pedagogisk utviklingsarbeid
  • oppfylging av personalet, her også vikararbeid
  • daglege gjeremål
  • det må påreknast undervisning

Me ynskjer ein inspektør som har evne og vilje til leiing, er analytisk, ryddig og strukturert. Personen må arbeide sjølvstendig, kommunisere både skriftleg og munnleg, vere positiv og skape tillit. Inspektøren må vere ein pådrivar med positivt syn på skulen og eleven, og må ha solid kjennskap til og erfaring i bruk av IKT.

 

Kvalifikasjonar:

Relevant pedagogisk utdanning frå universitet eller høgskule i samsvar med krav i Opplæringslova og erfaring frå skuleslaget, med gode IKT – kunnskapar. Me ønskjer at søker har undervisningserfaring frå 1. - 6. steg

 

Personlege eigenskapar:

Personlege eigenskapar som vert lagt vekt på ved tilsetjing er t.d.: ha evne til kommunikasjon, vere god på det relasjonelle, vere ein god motivator, ha evne til refleksjon, ha høg arbeidskapasitet og ha evne til å lytte og skape/leggje til rette for samhandling.

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtaleverket
  • Ein god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    17.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3788529
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 30.04.2021