• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5197696
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 17.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Undervisningsinspektør - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Lindås barneskule har ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør frå 01.08.2023.

Om Lindås barneskule
Lindås barneskule har for tida 222 elevar på 7 trinn og 12 klassar.

Det er no 22 pedagogar i tillegg til fagarbeidarar, SFO-medarbeidarar, leiing og administrasjon knytt til skulen.
Skuleanlegget er oppgradert i fleire omgangar og framstår i dag som moderne, driftssikkert og funksjonelt.

Arbeidsoppgåver

I tillegg til leiaroppgåver og administrative oppgåver, ligg det noko undervisningsplikt til stillinga.

Inspektøren vil vere ein del av leiargruppa ved skulen, saman med rektor, den andre inspektøren og SFO-leiar.

Inspektøren vil ha fagleg ansvar for nokon trinn og koordinerande ansvar for spesialundervisning/universell opplæring.

Administrative oppgåver vil mellom anna vere oppfølging av elevsaker og ansvar for vikararbeidet. Inspektørane vil leie kvar sine team og vere tett på klassestega i sitt team, både i høve pedagogisk leiing og oppfølging av tilsette.

Kompetanse

Du må ha:

  • Godkjent pedagogisk utdanning for undervisning på 1. - 7. trinn
  • God dugleik i norsk, både munnleg og skriftleg

Ønskjeleg at du har:

  • God digital kompetanse
  • Leiarerfaring frå skule
  • God kompetanse innan vurdering og klasseleiing
  • Erfaring med fleksibel organisering rundt tilpassa opplæring
  • Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid
  • Kjennskap til Leselos og De utrolige årene 

Vi ønskjer ein undervisningsinspektør som, sjølv i ein hektisk kvardag, evner å møte kvar einskilde elev og medarbeidar der dei er. Det er nødvendig å vere strukturert, fleksibel og løysingsorientert med høg arbeidskapasitet og god samarbeidsevne. Fagleg oppdatering og fokus på utviklingsarbeid samt ei god skriftleg og munnleg formidlingsevne er viktig. 
Søkjarane bør vidare ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk, og ha evne til å byggje solide relasjonar til både elevar, tilsette og foreldre.

Dei som vert tilsett må kunne vise sjølvstende, være løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne og arbeidskapasitet.
Det er ønskjeleg med kompetanse og/eller røynsle innan spesialpedagogikk.

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein person med eit positivt elev- og læringssyn, som meistrer å kombinera mange arbeidsoppgåver med tid til positive møter med elevar og kollegaer på skulen.
Inspektøren må vere opptatt av god personalleiing og vidra til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø, samt vere tydeleg i møte med elevar, tilsette og føresette. 

Vi tilbyr

  • Spanande jobb med gode vilkår for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
  • Moglegheit for relevant vidareutdanning/leiarutdanning
  • God pensjonsordning i SPK 

Politiattest
Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5197696
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 17.05.2023