Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
01.03.2025Arbetsfunktion
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetAdress
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5990285Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Bli trainee i Ullensvang – Noregs Friluftshovudstad
Ullensvang kommune søker trainee: VA-ingeniørOffentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
Er du nyutdanna og på jakt etter ein jobb som er både meiningsfull og utviklande? Vil du starte karrieren i eit miljø der både kollegaer og omgjevnadene inspirerer? Då har vi jobben for deg!
I vakre Ullensvang, der fjord møter fjell og naturen er ein leikeplass utan like, har du no sjansen til å bli trainee som VA-ingeniør.
Er du klar for å ta første steget i karrieren din som VA-ingeniør? I Ullensvang kommune vil du få ein unik sjanse til å vere med på å utvikle eit fagmiljø i vekst, med store oppgåver og spennande utfordringar.
Som ein av årets traineear seier: Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.
Arbeidsoppgåver
- Koordinering av ulike VA driftsprosjekter,
- Databehandling i VA-databasen Gemini, arkivsystem Websak, samt andre datasystemer
- Oppfølging av- og godkjenning av teknisk planar for VA. Skriftleg uttalelse til planar
- VA-rammeplanar, reguleringsplanar, og byggesaker
- Handtering av informasjon til innbyggjarar i forbindelse med anleggsarbeid, og utsending av varsel ved spesielle hendingar
- Delta i tverrfagleg samarbeid mellom sektorane i kommunen
Ynskte kvalifikasjonar
- Ingeniør/ sivilingeniør
- Interesse for VA-faget
- Førerkort klasse B
- God fremstillingsevne norsk muntleg og skriftleg
Her får du mykje ansvar og fridom, samtidig som du er ein del av eit miljø der det er kjekt å komme på jobb. Det er ikkje uvanleg at vi samlar oss for å lage vafler eller ete eplekake midt i ein travel arbeidsdag – for i tillegg til å jobbe hardt, veit vi kor viktig det er å ta vare på kvarandre.
Du kjem til å sitje saman med andre ingeniørar og fagpersonar i eit ope kontorlandskap på Hjøllo, berre ein kort spasertur frå sentrum av Odda. Her jobbar vi saman på tvers av avdelingar for byggdrift og veg og park – noko som skapar gode muligheiter for å lære av kvarandre.
Vi tilbyr
- Meingsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit sterkt og godt fag- og arbeidsmiljø med gode utviklingsmogelegheitar
- Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
- Ullensvang kommune har fleksibel arbeidstid, gode permisjons- og pensjonsvilkår og fokus på nærværsarbeid.
- Løn etter avtale
- Lev ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad
Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har våre eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
´Kven kan vel seie nei til å byte rushtrafikk mot rolege morgonar, bystress mot frisk fjelluft, og tronge kontorlandskap mot eit sosialt fellesskap?
Vi ser etter deg som har lyst til å skape, bidra og lære. Du som vil starte karriera di på ein stad der du ikkje berre er ein arbeidstakar, men ein ressurs. Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune?
Søk no, og start karriera di på beste vis!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”
Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
01.03.2025Arbetsfunktion
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetAdress
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5990285Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
-
Ullensvang kommune søker trainee: Byggingeniør
Framtidsfylket AS
ODDA -
Ullensvang kommune søker trainee: i avdeling for forvaltning og koordinering
Framtidsfylket AS
ODDA -
Tecno VVS søker trainee: ingeniør
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND -
Tecno VVS søker trainee: Økonomi
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND -
Fjellstrand søker trainee: Elektroingeniør
Framtidsfylket AS
OMASTRAND