Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
01.03.2025Position function
TraineeFulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TraineeIndustry
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonEducational qualification
BachelorWork experience
Ikke påkrevetAddress
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5990278Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Bli trainee i Ullensvang – Noregs Friluftshovudstad
Ullensvang kommune søker trainee: i avdeling for forvaltning og koordineringOffentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
Ullensvang kommune søker trainee: i avdeling for forvaltning og koordinering - i Helse og omsorg
Er du nyutdanna og på jakt etter ein jobb som er både meiningsfull og utviklande? Vil du starte karrieren i eit miljø der både kollegaer og omgjevnadene inspirerer? Då har vi jobben for deg!
I vakre Ullensvang, der fjord møter fjell og naturen er ein leikeplass utan like, har du no sjansen til å bli trainee på Tildelingskontoret.
Tildelingskontoret behandlar søknader og kartlegg behov for helse- og omsorgstenester i kommunen. Her blir du ein viktig del av arbeidet med å sikre at folk i kommunen får dei tenestene dei treng og har krav på. Du blir bindeleddet mellom innbyggjarane våre og kommunen – ein som gjer ein forskjell for menneske i små og store livsutfordringar.
Ein karrierestart med meining
Som trainee hjå oss får du jobbe med sakshandsaming innan helse og omsorg. Arbeidet spenner frå enkle vedtak til komplekse saker som krev kartlegging og samarbeid på tvers av fagmiljø. Dette er ei stilling for deg som vil lære og vekse. Har du utdanning innan helse eller jus, vil det vere ein fordel, men det viktigaste er at du er lærevillig og engasjert.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsame og utgreie søknader om helse- og omsorgstenester
- Rettleie søkarar og pårørande om kommunen sine tilbod og tenester
- Bidra til auka fokus på helsefremjande og førebyggjande tiltak
Ynskte kvalifikasjonar
- Helse- eller sosialfagleg utdanning/erfaring
- Interesse for sakshandsaming
- Krav til norsk framstillingsevne. Minimum B2 munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Som ein av årets traineear seier: Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.
Eit tett miljø
På Tildelingskontoret får du 3 dyktige og trivelege kollegaer. Vi sit saman med staben for helse og omsorg i eit kontorfellesskap med totalt 12 personar. Her møter du eit fagleg sterkt og varmt miljø. Vi støttar kvarandre og veit å ha det kjekt saman.
- Vi tilbyr
- Spanande arbeidsoppgåver med stort potensiale for utvikling
- Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
- Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
- Løn etter avtale
- Ullensvang kommune har fleksibel arbeidstid, gode permisjons- og pensjonsvilkår og fokus på nærværsarbeid.
- Lev ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad
Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har våre eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
Kven kan vel seie nei til å byte rushtrafikk mot rolege morgonar, bystress mot frisk fjelluft, og tronge kontorlandskap mot eit sosialt fellesskap?
Vi ser etter deg som har lyst til å skape, bidra og lære. Du som vil starte karriera di på ein stad der du ikkje berre er ein arbeidstakar, men ein ressurs.
Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune? Søk no, og start karrieren din på beste vis!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
- Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2025 til august 2026.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”
Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
01.03.2025Position function
TraineeFulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TraineeIndustry
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonEducational qualification
BachelorWork experience
Ikke påkrevetAddress
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5990278Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
-
Ullensvang kommune søker trainee: Byggingeniør
Framtidsfylket AS
ODDA -
Ullensvang kommune søker trainee: VA-ingeniør
Framtidsfylket AS
ODDA -
Elkem søker trainee: Automasjon
Framtidsfylket AS
Vestland -
Tecno VVS søker trainee: Økonomi
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND -
Fjellstrand søker trainee: Elektroingeniør
Framtidsfylket AS
OMASTRAND