• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    5750, ODDA
    ULLENSVANG
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5565320
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 05.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du vera med på å forma framtida for digitalisering og bruk av digitale verktøy?

Ullensvang kommune søker trainee: Digitaliseringsrådgjevar

Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon

Digitale tenester i Ullensvang kommune inviterer deg til å bli ein del av vårt lag som trainee innan prosjekt- og prosessleiing. Dette er sjansen til å setje ditt preg på ei stilling som gir deg moglegheita til å forbetra og effektivisera digitale prosessar. Du vil ha ein direkte innverknad på korleis vår organisasjon arbeider med digitale verktøy, både internt og i tenestene vi leverer til innbyggjarane våre. Vi trur dette er draumejobben for deg som er nysgjerrig og ønsker å påverke ein heil kommune gjennom kontinuerleg forbetring.

 

Som vår nye trainee vil du spela ei nøkkelrolle i regionale- og nasjonale digitaliseringsprosjekt. Du vil få moglegheita til å delta på spanande kurs og seminar som vil styrka både kompetanse og nettverk.

Som ein ekstra bonus er stillinga i friluftshovudstaden Ullensvang; der industri i verdsklasse møter landbruk i ei idyllisk setting som du sannsynlegvis berre har sett på postkort. Ullensvang gir deg moglegheita til å nyte friluftslivet og oppleve fantastisk natur, samtidig som det er eit breitt utval av aktivitetar og fritidstilbod for alle interesser. Velkomen til ein spanande moglegheit for personleg og fagleg utvikling i ein eventyrleg kommune!

Dine hovudoppgåver vil inkludera:

  •     Prosessarbeid og kartlegging på tvers av sektorane med hovudfokus på å forenkla og forbetra
  •     Gjennomføring av både interne og eksterne prosjekt i samarbeid med ulike samarbeid for digitalisering
  •     Deltaking og gjennomføring av større fagsamlingar
  •     Økonomisk oppfølging av prosjekt
  •     Bidra til standardisering av prosessar med fokus på digitalisering og effektivisering
  •     Gje støtte til dei som leiar ulike prosjekt, men og ha ansvar for eigne prosjekt i traineeperioden

Kvalifikasjonar:
Vi søker etter ein trainee med bachelor, master eller fagskuleutdanning der prosjekt- og organisasjonsleiing er ein viktig del av utdanninga. Rolla krever også at du er har ein sterkt digital kompentanse, så vell som at du er trygg på å kommunisere klart både skriftleg og munnleg.

Andre faktorar vi ser etter i ein trainee er:

  •     Ambisjon og motivasjon for å bidra og læra    
  •     Sjølvstende og evne til å ta initiativ for å gjere ein positiv skilnad, både fagleg og sosialt
  •     Vera open for reise til kurs og seminar
  •     Modig, nysgjerrig og open for å tenkje stort
  •     Førarkort klasse B er ein fordel, men er ikkje eit krav.

Om verksemda
I stillinga vil du jobba tett med verksemdsleiar for digitale tenester og resten av verksemda. Som vår nye trainee blir du ein del av eit lag som set pris på det å vera fagleg dyktig, ærleg og sjølvstendig. Vi har fokus på fagleg utvikling, myndiggjorte medarbeidarar og eit godt sosialt miljø. Digitale tenester har 15 tilsette, samt 4 digitaliseringsrådgjevarar knytt til sektorane.

Verksemda digitale tenester er organisert på følgjande måte:

  •     IKT-drift
  •     Digitaliseringsteam med dedikerte digitaliseringsrådgjevarar for alle sektorar
  •     Dokumentsenter
  •     Rådgjevar informasjon og kommunikasjon

Arbeidsplassen din vil vera rådhuset i Odda. Vi tilbyr moglegheit til å jobbe nokre dagar frå andre stader i kommunen eller på heimekontor.

Vi gir deg dei digitale verktøya du treng for å lukkast i jobben.

Vi tilbyr:

  •     Varierte arbeidsoppgåver
  •     Spanande arbeid
  •     Løn etter avtale
  •     Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  •     Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Er du klar for å gjere ein skilnad og ta på deg ein ekte utfordring? Ikkje gå glipp av denne moglegheita. Bli ein del av vårt lag og opplev ein unik moglegheit til å forma framtida i ein av Noregs vakraste kommunar. Ta utfordringa – søk no!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  •     Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  •     Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  •     Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  •     Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  •     Studietur til utlandet
  •     Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  •     Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  •     Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  •     Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    5750, ODDA
    ULLENSVANG
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5565320
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 05.03.2024