Detaljer

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3453474
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Tverrfagleg spesialist , 80% fast stilling, Rus og psykisk helse, Hidlamyra butilbod

 

Om avdelinga:

Innan eininga Rus og psykisk helse er det no ledig stilling i det  heildøgnsbemanna butilbodet, Hidlamyra. Hidlamyra butilbod gjev tenester til brukarar busett i omsorgsbustader. Bustadane er sentralt plassert i Skogsvåg.

Stillinga er knytt til årsturnus med 16 helger i året, todelt turnus.

Øygarden kommune tilbyr timebank, stillinga kan (dersom ledig) utvidast med timebank.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilhetleg oppfølgjing av brukarar
  • Utarbeiding av tiltaksplanar, IP. Koordinering av tenester, Ansvarsgruppemøter.
  • Legemiddelhandsaming
  • Veiledning og fagleg grunngjevig for tiltak
  • Dokumentasjon og utarbeiding av vedtak knytt til kapittel 9 i Helse og omsorgstenestelova
  • Bruka aktivt kvalitet og avvikssystem

 

Kvalifikasjonar: 

  • Sjukepleiar/vernepleiar med relevant vidareutanning. Dersom ein ikkje får inn søkjarar med denne kvalifikasjonen vil vi vurdera søkjarar med oppgitte grunnutdanning.
  • Tilfredsstillande politiattest

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med arbeid med menneske med psykiske vanskar
  • Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemma/tvang knytt til kapittel 9 i Helse og omsorgstenestelova.
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Medarbeidar med høg fagleg bevisstheit
  • Positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Trygg i seg sjølv, robust
  • Ønskje om å bidra positivt inn i personalgruppa
  • Open for utfordringar
  • Taklar stress og hektiske situasjonar på ein god måte

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, avdelingsleiar i Hidlamyra butilbod,  tlf 56327827

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.