Detaljer

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2021
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3472502
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Tverrfagleg spesialist, 100% vikariat, Rus og psykisk helse sone sør

Om avdelinga:

Rus og psykisk Helse er organisert under Helse og velferd, deretter er det inndelt i 3 soner. Aktuell stilling er plassert i sone Sør, med tenestestad i Skogsvågskifte. Den ledige stillinga er i oppfølgingstenesta. Oppfølgingstenesta består av 7 årsverk som har oppfølgjing med personar med utfordringar innan Rus og psykisk helse.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Brukaroppfølgjing – miljøterapi. I form av oppfølgjing på kontor eller ved heimebesøk.
  • Legemiddelhandsaming.
  • Samarbeid til pårørande og andre samarbeidspartnarar.
  • Følgje opp vedtak
  • Praktisk arbeid
  • Koordinator og individuell plan.

 

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjuklepleiar/vernepleiar. Andre med 3 årig helse-/ sosialfagleg høgskule utdanning vil bli vurdert.
  • Relevant vidareutdanning.
  • Erfaring frå arbeid med menneskjer med rus og psykiske lidingar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Krav om tilfredsstillande politiattest
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

  • Interesse for fagfeltet
  • Kunne arbeida sjølvstendig og i team
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • God relasjonskompetanse
  • Påliteleg, robust, fleksibel og trygg i arbeidsrolla si
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

 

Anna: Vikariat frå snarast og varighet på 1 år. Må disponera bil.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Einingsleiar Monica Førde Landro. Monica.landro@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.