Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
Forskning og utviklingUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetÖnskat språk
norsk, engelskAdress
6851, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4957994Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 17.01.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Framtidsfylket AS
Vil du bidra til å auke studentengasjementet på HVL?
Trainee: UtviklingsarbeidForskning og utvikling
Vi søkjer etter ein trainee til eit tverrfagleg samarbeid mellom Avdeling for utdanningskvalitet og Avdeling for studieadministrasjon der traineen skal setje større fokus på arbeidet med å få auke studentengasjementet på HVL.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 17 000 studentar og 2 000 tilsette fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
Traineestillinga er knytt til både Avdeling for utdanningskvalitet og Avdeling for studieadministrasjon som er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Stillinga er knytt til Campus Sogndal.
Vi søkjer etter ein trainee til eit tverrfagleg samarbeid mellom Avdeling for utdanningskvalitet og Avdeling for studieadministrasjon der traineen skal setje større fokus på arbeidet med å få auke studentengasjementet på HVL. Det er viktig å sikre god studentmedverknad for vårt kvalitetsarbeid på høgskulen.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere utviklingsarbeid knytt til studentengasjement, rekruttering av tillitsvalde, studiestart og fadder, studentassistentordninga og gjennomstrøyming og fråfall. Andre arbeidsoppgåver kan komme i tillegg.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant høgare utdanning på masternivå.
- Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning og utviklingsarbeid, erfaring frå arbeid i studentorganisasjonar eller erfaring frå arbeid i høgare utdanning.
- Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne.
Om deg
Du:
- er interessert i å arbeide tverrfagleg
- likar å formidle den faglege interessa di til andre
- har lyst til å vere med å utforme arbeidsoppgåvene i stillinga
- vil identifisere og løfte fram nye problemstillingar og prosjekt
- kan arbeide systematisk og strukturert mot fristar
- vil arbeide i eit fagmiljø som legg vekt på at alt er mogleg, og som er veldig spent på kva akkurat du og dine interesser kan bidra med
Vi tilbyr
- HVL er ein inkluderande arbeidsplass med kjekke kollega i eit utviklande miljø der du får vere med å bidra.
- Tilsetting i ett år i 100% stilling som trainee med oppstart august 2023
- Eit spennande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Medlem i Statens Pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
- Løn etter avtale
Om oss
HVL jobbar aktivt for å vere tett på studentane og nærings- og arbeidslivet i regionen, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Ved campus Sogndal er det om lag 3 000 studentar og 370 tilsette fordelt på fellesadministrasjon, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap,Institutt for miljø og naturvitskap (tilhøyrande Fakultet for ingeniør- og naturvitskap), og Institutt for velferd og deltaking (tilhøyrande Fakultet for helse- og sosialvitskap).
Som Framtidsfylket-trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
- Vestlandet 💚
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.
Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
Forskning og utviklingUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetÖnskat språk
norsk, engelskAdress
6851, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4957994Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 17.01.2023