Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2023Arbetsfunktion
UtviklerHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
TeknologiUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetÖnskat språk
norskAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4958203Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 16.01.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Framtidsfylket AS
Vil du jobbe som utviklar i eit teknologiselskap i vekst?
Trainee: UtviklarTeknologi
Proresult er eit spanande og raskt vaksande teknologiselskap som leverer eigenutvikla prosjekt- og styringsverktøy for blant anna bygg- og anleggsbransjen i Norge.
Vi er i sterk vekst og er blant dei leiande i Norge med digitale løysingar som skal hjelpe bygg- og anleggsbransjen til ein enklare og smartare arbeidskvardag. Vårt fortrinn er at vi tilbyr ei «alt i eitt løysing», utvikla saman med våre kunder, og opplever ei auka førespurnad etter våre produkt og tenester. Vi ser viktigheten av å vere i forkant på teknologiane vi nyttar, og som utviklar i Proresult får du i stor grad sjansen til å jobbe med moderne teknologiar og prøve ut nye teknologiar løpande.
Hos oss vil du få utviklingsmoglegheiter og påverknadskraft, høg grad av frihet og ansvar, og vere del av eit dedikert og kompetent miljø.
Kven er du?
Vi ser etter deg med interesse for ny teknologi og programvareutvikling, enten frontend, backend eller begge deler. Du har gode evner til å jobbe sjølvstendig, er engasjert og tar gjerne initiativ. Struktur og jobbe målretta er viktig i ditt arbeid, du har gode samarbeidsevner, og liker å løyse faglege utfordringar aleine eller saman med teamet.
Du set alltid kunden i fokus, og ønskjer å finne nye tilnærmingar og løysingar til betre brukeropplevingar for kundane våre.
Teknologiar vi nyttar er følgande:
- Vue, TypeScript
- JavaScript, HTML, CSS
- PHP
- MySQL
- Java, Android/iOS, swift, Xcode
- Git, Docker og Kubernetes
Erfaring frå ein eller fleire av desse teknologiane er ein fordel, men erfaring frå andre moderne programmeringsspråk og rammeverk kan også komme godt med.
Vi tilbyr
Som trainee i Proresult vil du få ein eigen mentor som blir ansvarleg for oppfølging og den faglege utviklinga di. Du vil bli del av eit mindre selskap i vekst, og får moglegheit til å vakse saman med oss. Vi har eit energisk og uformelt miljø, der moglegheitene for å påverke er store. Balanse mellom jobb og fritid er viktig for oss, og vi er opptatt av medarbeidertilfredshet, heiar på mangfald og likar å skape resultat saman.
Vi har store vekstambisjonar, og i løpet av 2023/2024 har vi ambisjonar om å fortsatt auke tal tilsette innanfor fleire fagfelt. Arbeidsstad er Peak Sunnfjord i Førde, eit innovativt IT- og utviklingsmiljø med rundt 30 bedrifter som til saman har meir enn 100 tilsette.
Vi håpar DU er vår neste utviklar i Proresult!
Difor valde Jon (avbilda) å bli utviklar i Proresult:
– Då eg såg at eg hadde sjansen til å jobbe i ei så framtidsretta bedrift, kjende eg at eg kunne utvikle meg fagleg og personleg.
Det seier Jon Kristian Seljestø (26). Han er for tida utviklar-trainee i Proresult.
Sogningen Seljestø har utdanning i IKT frå Universitetet i Bergen, og hadde lyst på ei stilling som utviklar. Den fann han altså i Førde.
– Eg hadde tilbod frå ei anna bedrift også, men valde Proresult fordi eg tenkte at det var der eg kunne utvikle meg best. Eg hadde eit godt inntrykk av arbeidsmiljøet der, seier han og legg til:
– Seinare har eg fått bevist at slik var det også.
Sunnfjordbyen Førde er akkurat passeleg stor for han:
– Eg har erfaring med å bu både på bygda og i Bergen. Førde er ein god mellomting. Eg har fått meg ein stad i sentrum som gjer det veldig lett med pendling. Det er mange aktivitetar å gjere, og mange hyggelege folk her.
Om arbeidsmiljøet i Proresult seier han følgande:
– Det har vært strålande for min del. Alle er hyggelege og hjelpsame, og støttar kvarandre når det kjem eit problem. Eg kunne eigentleg ikkje spurt om noko betre. No er målet mitt å få fast jobb.
Som Framtidsfylket-trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
- Vestlandet 💚
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.
Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2023Arbetsfunktion
UtviklerHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
TeknologiUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetÖnskat språk
norskAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4958203Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 16.01.2023