Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
EnergiUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetÖnskat språk
norskAdress
6823, SANDANE
GLOPPEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4958327Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 16.01.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Framtidsfylket AS
Sogn og Fjordane Energi søker trainee
Trainee: Teknologi/økonomiEnergi
I arbeidet med å forvalte kraftressursane våre på ein best mogleg måte, må vi heile tida utvikle oss og forbetre oss i takt med eit samfunn i endring. No ønskjer vi å tilføre ny og frisk kompetanse gjennom å tilsette ein trainee.
Produksjon og utvikling av fornybar energi frå vatn og vind er SFE si kjerneverksemd. Vi arbeider kontinuerleg med å skape ei fornybar framtid gjennom å framskaffe meir fornybar energi og utvikle nye framtidsretta løysingar.
I arbeidet med å forvalte kraftressursane våre på ein best mogleg måte, må vi heile tida utvikle oss og forbetre oss i takt med eit samfunn i endring. Våre fagmiljø innan økonomi og krafthandel jobbar med dette kvar dag, og no ønskjer vi å tilføre ny og frisk kompetanse gjennom å tilsette ein trainee.
Vi søkjer breitt etter kandidatar, då ulike fagretningar kan vere aktuelle. Arbeidsområde kan vere innanfor fagområda teknologi/IKT/digitalisering, kraftomsetning, økonomi – men rolla vil bli tilpassa bakgrunnen til den kandidaten vi tilset.
Om deg
- Du har høgare utdanning innan IKT/teknologi, økonomi eller realfag
- Du har god forretningsmessig forståing og evne til å sjå løysingar
- Du er ein god lagspelar og likar å arbeide i team
- Du er positiv, nysgjerrig og søkjer aktivt ny kunnskap
Vi kan tilby deg
- Ein bransje med ei heilt unik rolle i klimaarbeidet
- Ein jobb som gir meining
- Sterke kompetansemiljø med store moglegheiter for utvikling
- Konkurransedyktig løn og gode ordningar
- Eit attraktivt og godt arbeidsmiljø
Arbeidsstad er Sandane.
Som Framtidsfylket-trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
- Vestlandet 💚
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.
Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
EnergiUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetÖnskat språk
norskAdress
6823, SANDANE
GLOPPEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4958327Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 16.01.2023