• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960204
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 17.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du bidra i arbeidet med å klimaomstille Vestland?

Trainee: Plan, klima og analyse

Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater

Har du kompetanse innan klimaområdet, planlegging og/eller berekraft? Er du engasjert og har gode samarbeidsevner? Då bør du sjekke ut denne traineestillinga hos Vestland Fylkeskommune.

 

Vestland har vedteke ein ny klimaplan, og arbeidsoppgåvene vil vere å delta i oppfølging av planen. Det kritiske oppdraget i klimaplanen er å sikre at vi både reduserer utsleppa våre, tilpassar oss eit klima i endring og tek vare på naturmangfaldet. Vi skal vere ein ansvarleg pådrivar for klimaomstilling, der vi gjennom tverrfagleg samarbeid, kunnskap og handling bidreg til å akselerere det grøne taktskiftet.

Har du kompetanse innan klimaområdet, planlegging og/eller berekraft, er du engasjert og har gode samarbeidsevner, er du den rette.

Les meir om oss her: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Arbeidsoppgåver

  • delta i arbeidet med oppfølging av Regional plan for klima
  • bistå internt i klimaarbeidet i fylkeskommunen
  • bistå eksternt i arbeidet opp mot kommunane i arbeidet med klimaomstilling

Kvalifikasjonar

  • mastergrad i klima- og miljøfag, arealplanlegging, samfunnsplanlegging, geografi, eller samfunnsgeografi. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurderte for stillinga, men vil då bli løna som spesialkonsulent og ikkje som rådgjevar.
  • eventuell erfaring frå arbeid med klimaomstilling på lokalt og/eller regionalt nivå
  • prosesskompetanse

Personlege eigenskapar

  • samfunnsengasjert
  • evne til å arbeide sjølvstendig
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø. Vi er opptekne av at vi skal trivst på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.

  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • eigen mentor
  • Arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff. Fylkeskommunen er ei IA-verksemd og arbeider aktivt for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.


Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960204
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 17.01.2023