• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Næring- og samfunnsutvikling
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6868, GAUPNE
    LUSTER
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Luster
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4958097
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du jobbe med distriktsinnovasjon og klimasmart utvikling i Luster kommune?

Trainee: Næring- og samfunnsutvikling

Offentlig forvaltning

Luster kommune skal vere ein aktiv part i utviklinga av næringslivet i kommunen. No søkjer vi ein trainee som vil bidra i utviklingsarbeidet innan samfunn og næring.



 

Luster ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal.

Kva vil du jobbe med?

Som trainee hos oss vil du jobbe innan kommunen sine satsingsområde distriktsinnovasjon og klimasmart. Det betyr å jobbe opp mot bedrifter som er i spanande utviklingsprosjekt, og å bidra til ei berekraftig utvikling av Luster kommune som organisasjon. Traineestillinga ligg til eininga samfunn og næring og er knytt opp mot avdeling for næring og landbruk. Du vil jobbe både i tverrfaglege team og individuelt, og du vil bli kjent med og bidra opp mot lokalt næringsliv.

Kven er du?

Vi søkjer deg som har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, som tek initiativ og har vilje til å utfordre oss med nye idear.

Vidare har du:

  • Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
  • Interesse for nærings- og samfunnsutvikling
  • Grunnleggjande kunnskap om kommunal forvaltning og evne til å sjå samanhengar
  • Godt humør
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg, med nynorsk som arbeidsspråk

Vi har eit godt arbeidsmiljø med breidde i fagbakgrunn, fridom i jobben og engasjerte kollegaer. Som tilsett får du moglegheit til å påverke eigne arbeidsoppgåver gjennom gode idear til utviklingsprosjekt.

Arbeidsstad: Gaupne i Luster

Spørsmål om stillinga kan rettast til stabsleiar forvaltning og utvikling, Ole Gunnar Krakhellen, på ole.gunnar.krakhellen@luster.kommune.no eller tlf. 926 48 081.

Vi ser fram til din søknad!


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Næring- og samfunnsutvikling
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6868, GAUPNE
    LUSTER
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Luster
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4958097
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023