• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Analytiker
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Bank
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4959975
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 02.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Synest du det er spennande å jakte etter ny informasjon og samanhengar i store datasett?

Trainee: Dataanalyse

Bank

Datamengda i verda aukar eksponentielt og mengda data i Sparebanken Sogn og Fjordane er ingen unntak. Vi ønsker ein trainee med eit skarpt og analytisk hovud til å nytte potensialet i våre data.

 

Som trainee vil du bli involvert i pågåande analyseprosjekt, men får også høve til å kunne starte/leie dine eigne. Dine viktigaste oppgåver er å jobbe tverrfagleg med å skape meirverdi gjennom data- og analyse.

Kven er du?

Vi ser etter deg med bachelor eller master innan dataanalyse, fintech, økonomi med analyseretning, eller tilsvarande kompetanse. Om du har relevant erfaring med analysearbeid er det eit stort pluss. Kjennskap til Phyton er positivt då vi i større grad ønsker å bruke språket på dei meir kompliserte analyseoppgåvene. Det er ønskeleg at du har kjennskap til Power BI, og at du som et minimum har gode Excel ferdigheitar. Ved høve vil du måtte presentere analysane for til dømes leiinga i banken, andre tilsette og eksterne. Derfor er det flott om du har og god visuell og munnleg formidlingsevne.

Du vil bli tilsett i avdeling for teknologi og innovasjon, og vil jobbe tett med banken sin forretningsanalytikar. Som arbeidsgjevar kan vi tilby et ungt, kompetent og innovativt miljø. Visste du at vi har tilsett om lag 150 nye dei fem siste åra?

Korleis er det å jobbe hos oss?

Som arbeidsgjevar tar vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Som trainee i Framtidsfylket får du mellom anna eit nettverk med andre traineear i Vestland fylke, eit spennande år med fagleg og personleg utvikling og innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region.

Vi håpar du tar sjansen på oss!

Arbeidsstad: Førde

For meir informasjon om stillinga kontakt forretninganalytikar, Andreas C. Pedersen på tlf. 916 94 382.


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.


Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Analytiker
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Bank
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4959975
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 02.02.2023