• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3870963
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 09.08.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

To vernepleiarstillingar - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig to 100 % faste stillingar som vernepleiar i Hannesvegen bustader og Tømmerdalen. Begge stillingane har arbeid i turnus, med kveldsvakter og arbeid kvar 3. helg. Du kan vel å binde deg i 2 år mot eit tillegg (eingongssum) på kr. 50.000,-.

Om Habiliteringstenester, Hannesvegen og Tømmerdalen

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til menneske som treng rettleiing, hjelp, opplæring og helsehjelp for at dei skal oppleve meistring og god livskvalitet.

Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er ei avdeling som består av fleire bustadgrupper. Hannesvegen er heimen til 3 personar med ulikt bistandsbehov og i tillegg har ein bustad nytta til avlasting. Tømmerdalen er ei bustadgruppene, og er heimen til 6 personar med ulikt bistandsbehov. Målet med begge arbeidsplassar er å gje tenester av høg kvalitet for å sikra ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Spesifiser gjerne i søknadsteksten kvar du søkjer. 

Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og hjelpe bebuarane med daglege oppgåver og aktivitetar i kvardagen
  • Planleggja og tilretteleggja for gode, individuelle tenester etter den einskilde sitt vedtak og behov
  • Sikre brukarmedverknad og godt samarbeid med pårørande/verje
  • Leggje til rette for aktivitet og gode opplevingar, både inne og ute
  • Dokumentere naudsynt informasjon og utførte oppgåver i journalsystemet Profil
  • Jobbe med kartlegging, utarbeida prosedyrar og tiltak i Profil
  • Primærkontaktansvar
  • Samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar
  • Gje råd og rettleiing til vikarar, studentar og lærlingar
  • Medikamenthandtering

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjent vernepleiar
  • Førarkort klasse B, må kunne kjøre stor bil og bil med manuell gir

Ønskt kompetanse

  • Kunnskap om Helse og omsorgstenestelova kap. 9
  • Erfaring frå arbeid for personar med utviklingshemming
  • Personleg eigna for arbeid med menneske
  • God norsk munnleg og skriftlig framstillingsevne
  • God relasjonskompetanse og samarbeidsevne
  • Følgje gjeldande prosedyrar for å sikra lik praksis
  • Engasjement for tenestemottakarane

Vi tilbyr

  • Du kan vel å binde deg i 2 år mot eit tillegg (eingongssum) på kr. 50.000,-

  • Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Løn etter tariffavtale

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3870963
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 09.08.2021