Ledig stilling

Øygarden kommune

Tilsetjingssak O48/22 - Programrådgjevar 100% prosjektstilling NAV Øygarden

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

NAV Øygarden er ein spannande og utviklande arbeidsplass og har omlag 80 høgt kvalifiserte og motiverte tilsette fordelt over fire avdelingar. Vi har ansvar for å yte tenester etter Folketrygdloven, arbeidsmarknadsloven, gjeldsrådgjeving, integreringsloven og lov om sosiale tenester i NAV.

Vårt hovudfokus er å gje menneskjer med behov for bistand moglegheit for arbeid og aktivitet gjennom godt samarbeid med næringslivet. Vi skal også hjelpa til med å gjera menneskjer sjølvhjelpen.

Vi har ledig to engasjement med varigheit på 9 månadar og med moglegheit for forlenging som programrådgjevar i avdeling integrering og jobbstøtte. Teamet består i dag av 12 tilsette, som jobbar med busetjing av nye flyktningar, introduksjonsprogram og å hjelpa dei med å bli sjølvforsørga.

Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegging og oppfølging av nykomne flyktningar i kommunen
  • Koordinere programmet for den enkelte flyktning, og utarbeide individuell plan motarbeid og utdanning.
  • Arbeid etter Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven). Lovens formål er å styrke nykomne flyktningars mogelegheit til å delta i yrkes- og samfunnsliv, og der igjennom sikre økonomisk sjølvstende.
  • Sosialfagleg rettleiing
  • Rettleiing innan økonomi, samfunn  og arbeid
  • Tett samarbeid internt og med ulike instansar, mest med vaksenopplæringa og helse.
  • Saksbehandling og skrifteleg dokumentasjon etter gjeldande lovverk

 Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga som miljøarbeid og oppfølging av familiar.

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Minst 3-årig høgare relevant utdanning innan helsefag, sosialfag, samfunnsfag eller pedagogikk.

Ønskjeleg med:

  • Kjennskap til introduksjonsloven / integreringsloven og andre aktuelle lovverk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevner
  • Ønske og interesse for arbeid med flyktningar
  • Kunnskap og erfaring frå arbeid med flyktningar
  • God økonomisk forståing

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å ta brukarperspektiv
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Evne til å jobbe under press og vere strukturert og ryddig
  • Evne å bidra i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Relevant arbeidserfaring og personlege eigenskapar vektleggast   

Anna:

NAV har nett flytta inn i nye flotte lokale i Grønamyrsvegen 18. Arbeidsmåten vil vere etter ABW-metode: aktivitetsbasert arbeidsplass.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk i Øygarden kommune

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.