Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
10.10.2024Heltid/Deltid
HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
2karriere-kode
5898185Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 27.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Tilretteleggingsressurs i barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer deg som vil jobba som tilretteleggingsressurs i barnehage
Bjørketeigen barnehage har to ledige stillingar som tilretteleggingsressurs for to barn. Dette er jobb for deg som søkjer nye utfordringar og oppgåver. Stillingane er ledige frå snarast til 31.07.25. Det kan bli moglegheit for forlenging.
Ein tilretteleggingsressurs skal vera ei støtte for barnet i barnehagen. Barnet skal ta del i heile barnehagedagen og tilretteleggingsressursen skal sikra eit eigna og individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.
Arbeidsoppgåver
- Bidra aktivt til at barn med nedsatt funksjonsevne får oppleva meistring og blir inkludert i barnegruppa
- Ansvar for medisinering og utstyr
- Ansvar for dokumentering av arbeidet
- Vera ein trygg vaksen
- Samarbeida med kollegaer
- Samarbeida med foreldre og eventuelle eksterne samarbeidspartar
- Motta og følga opp rettleiing
- Bidra til godt arbeidsmiljø
- Delta i avdelingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med helsefagleg utdanning med kompetanse i diabetes type 1 i den eine stillinga
- Utdanning innan barnehage i den andre stillinga, anna yrkeserfaring og utdanning kan vurderast
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.
Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. Legg gjerne dette inn saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Du må vera ein trygg vaksen. Det er viktig med god relasjon til barnet og godt samarbeid med foreldre. Det blir gjeve opplæring ved oppstart.
Vidare ynskjer me at du:
- Er pliktoppfyllande og stabil
- Er komfortabel med utfordringar og er interessert i å læra
- Har godt humør og positiv innstilling
- Møter born, kollegaer og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Opplæring
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
10.10.2024Heltid/Deltid
HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
2karriere-kode
5898185Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 27.09.2024