Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Tilkallingsvikarar ved Helse og meistring

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du fleksibel og på jakt etter nye utfordringar?

Eining Helse og meistring i Vaksdal kommune søkjer etter tilkallingsvikarar, spesielt etter deg som kan arbeide i helger!

Vi ser etter tilkallingsvikarar til fylgjande arbeidsstader:

  • Heimetenesta
    • Kontaktperson: avdelingsleiar Maria Kolstad
  • 4. etg på Daletunet, kort- og langtidsavdeling 
    • Kontaktperson: avdelingsleiar Monika Dahle Skjerveggen
  • Bueining for funksjonshemma
    • Kontaktperson: avdelingsleiar Maren Amanda Thorkildsen
  • Ressurssenteret
    • Kontaktperson: avdelingsleiar Anne Kari Helle
  • Legekontor
    • Kontaktperson: kommunelege Ole Miltzow Thorseth.
      Merknad: Ved legekontor er det behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide i veker, ikkje helg.

Spesifiser gjerne i søknaden kva avdeling du ynskjer å søkje på. Du kan legge inn fleire alternativ med prioritert rekkefølgje. Skriv om nattarbeid kan vera aktuelt for deg. 

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.

Krav til kompetanse

  • Fagarbeidar, sjukepleiar eller utan formell kompetanse
  • Førarkort klasse B er ein føremon, men ikkje eit krav

Ved tilsetjing vil ein få opplæring.

Personlege eigenskapar

  • Likar å jobbe i eit miljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Er påliteleg og sjølvstendig
  • Du er løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
  • Evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientar og pårørande
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter 

Personlege eigenskapar vert vektlagt.        

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04