Vacancy

Surnadal kommune

Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

Brannvesen

Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling  ("ringevikarar").

Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane.

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.
Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke.

Ut frå brukarbehova har vi behov for å tilsette menn i nokre stillingar og kvinner i andre.
Det er ein fordel å ha førarkort kl.B.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid.

Hos oss får du:

  • opplæring og veiledning
  • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • studentavlønning jf. reglane i personalplanen
  • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø