• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5535513
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 24.02.2024
Ledig stilling

Gol kommune

Tilkallingsvikar ved Miljøterapitenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet. Eininga har mange spennande utfordringar innafor fleire fagfelt. Det vil bli gitt opplæring og rettleiing.

Vi søkjer:
• Personar som ønsker å arbeide som vikar etter tilkalling og som vikar i feriar.

Kvalifikasjonar:
• Alle tilsette må kunne bruke digitale verktøy som mobil og data.
• Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Anna:
• Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. Lønnsansiennitet fastsettas etter Hovedtariffavtalen.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane  likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
• Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5535513
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 24.02.2024