• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    06.09.2026
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6685319
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Tilkallingsvikar ved Gol skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere tilkallingsvikar ved Gol skule?

Gol skule er ein 1.-10.-skule med om lag 470 elevar og 90 tilsette. Vi er stolte av å vere ein inkluderande og utviklande skule der elevane står i sentrum, og der både elevar og tilsette skal oppleve meistring, trivsel og fellesskap. No ønskjer vi å knyte til oss fleire engasjerte tilkallingsvikarar som vil vere med og gjere ein forskjell i elevane sin kvardag.

Vi søkjer:
• tilkallingsvikar som lærar
• tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent

Vi håpar at du:
• har engasjement for og interesse for barn og ungdom si læring og utvikling
• er ein aktiv, fleksibel og positiv samarbeidspartnar
• møter elevar og kollegaer med godt humør, omsorg og respekt
• ønskjer å bidra til eit trygt og godt læringsmiljø

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Kvalifikasjonar:
Godkjend utdanning etter kapittel 14 i forskrift til opplæringslova, eller anna relevant utdanning og/eller erfaring.

Hos oss får du:
• arbeide i eit moderne skulebygg tilpassa dagens undervisning
• bli ein del av eit inkluderande, engasjert og triveleg arbeidsmiljø
• moglegheit til å bidra i ein organisasjon i utvikling
• varierte, lærerike og meiningsfulle arbeidsdagar

Løn og tilsetjingsvilkår:
Løn etter utdanning og ansiennitet.

Anna informasjon:
• gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
• ved eventuelt intervju ber vi om at godkjende kopiar av vitnemål og attestar blir tekne med

Slik søkjer du:
Vi ønskjer at du nyttar vårt elektroniske søknadsskjema. Alle søkjarar får kvittering på at søknaden er motteken dersom riktig e-postadresse er registrert.

Søknadsfrist: 06.09.2026

Vi ser fram til å høyre frå deg, og håpar du vil bli ein del av fellesskapet ved Gol skule!

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    06.09.2026
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6685319
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune